Job Description

Published 22-10-2024
Deadline: 06-11-2024

 

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Vil du vera med å utvikle Trollskogen barnehage i Bjørnafjorden kommune?

Vi har ledig 70 % stilling som fagarbeidar/assistent ved Trollskogen barnehage frå 01.01.2025. 40 % av desse er fast stilling. Resterande 30% er vikariat fram til 31.07.2025. 

Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Trollskogen barnehage og som vil halde fram med å utvikle barnehagen som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng fagarbeidar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å SPRE GLEDE.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. Barnehagen er med i regional kompetanse utvikling og har satsing på voksen rolla i uteleiken. Dette er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. 

Arbeidsstad:
Trollskogen barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader i bygda Fusa som innbyr til leik og undring. I barnehagen sitt nærområde er det skog, sjø, fjell, skule, symjehall og butikk. Barnehagen har stor vekt på friluftsliv, danning og sosial kompetanse. Trollskogen barnehage er ein spanande arbeidsplass som er i stadig utvikling. Barnehagen har 7 tilsette og 23 barn fordelt på 2 avdelingar. Målet er å vere ein god stad for alle barn, og gje barna grunnlag for fagleg og sosial utvikling.

Arbeidsoppgåver:

  • Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
  • Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
  • Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
  • Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
  • Jobbe førebyggjande og legge vekt på tidleg innsats.
  • Vera brukar – og serviceorientert med ein konstruktiv kommunikasjonsform.

Kvalifikasjonar:
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vert også vurdert.
Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
Erfaring frå arbeid med barn 0-6 år.
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. 

Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:

  • Har eit positivt menneskesyn, og gode evner til samarbeid
  • Tar ansvar og initiativ, og er fleksibel
  • Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
  • Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:

–        Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

–        Løn etter gjeldande avtalar

–        Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

–        Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Slik søkjer du:
Klikk på “søk på stilling” og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registera seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen “Glemt brukernavn/passord” eller ta kontakt med personalavdelinga.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Trollskogen barnehage orgnr: 975295397
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted OS (Adresse: Rådhuset, Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/59e2dfd1-b055-4ce5-b913-f3fdc4d5a28f
IMPORTAPI