Job Description

Published 05-01-2025
Deadline: 02-02-2025

 

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Vi har ledig fast undervisningsstilling frå 07.04.2025

Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Vi har også som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.
Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Lysekloster barneskule er ein 1.-7. skule med om lag 160 elevar og 25 tilsette. Skulen ligg ved idrettsbanen i Lysefjorden og er tilrettelagt for læring og leik både ute og inne. Bygda og lokalmiljøet er ein viktig arena i skulen si opplæring. I samarbeidet med heimane skal vi skape eit trygt oppvekst- og læringsmiljø for barn i bygda.

Fram til sommaren vil arbeidsstad for denne stillinga vere knytt til Lysekloster barnehage for å bli kjent med eleven.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning knytt til elev med ASK behov.
  • Rettleiing av andre tilsette.
  • Dialog med heimen og andre støttetenester.
  • Erfaringsdeling i skulen sitt team for tilrettelagt opplæring. 
  • Anna undervisning på barneskulen.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Kompetanse og erfaring frå arbeid med barn som treng alternativ supplerande kommunikasjon i opplæringa.
  • Fordel med erfaring frå arbeid knytt til spesialundervisning/individuelt tilrettelagt opplæring, eventuelt rettleiingskompetanse.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø.
Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar.
Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.

Vi ser etter medarbeidarar som:
– er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
– er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
– er framtidsretta innan digital undervisning
– er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
– har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega

Skulen har særleg behov for kompetanse innan alternativ supplerande kommunikasjon. Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr

– Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
– Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
– Løn etter gjeldande avtalar
– Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no – Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Lysekloster barneskule orgnr: 975282171
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted LYSEKLOSTER (Adresse: Edne 11 Postnr: 5215)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c0ac1d98-32cd-4854-bdef-01d422e1da26
IMPORTAPI