Job Description

Published 30-06-2024
Deadline: 14-07-2024

 

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Lunde barneskule -SFO har ledige stillingar i ulike stillingsstorleikar som fagarbeidar/assistent i SFO frå 01.08.24.
• Fast stilling 39,88% på SFO
• Fast stilling 34% på SFO
• Vikariat 15,82% SFO og 15,23% skule, 01.08.24-31.07.25
• Engasjement 42%, 01.08.24-31.07.25
• Engasjement 42%, 01.08.24-31.07.25

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020).

Arbeidsstad
Lunde barneskule er ein 1-7 -skule med rundt 325 elevar og 45 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen ligg i naturskjøne omgjevnader på Lunde i Bjørnafjorden kommune. Hausten 2017 tok vi i bruk eit heilt nytt og moderne skulebygg, med framtidsretta infrastruktur for den digitale skulen. Hausten 2021 opna vi den nye utehallen vår, som gjev gode moglegheiter for fysisk aktivitet ute gjennom heile året.

Skulen satsar på trivsel og tryggleik, og logoen vår «Lundehjartet» står sentralt. Vi arbeider etter verdiane meistring, anerkjenning og tryggleik. Vi legg derfor vekt på at elevar og tilsette skal få lære og utvikle seg i trygge rammer. «Vi elskar å lære». Les gjerne meir om skulen vår på Lunde.gs.hl.no og facebook.com/Lundebarneskule.

Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i SFO, hovudsakleg i opningstida kl.13.20-16.30. Våre nye medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen.

Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget, men søkarar med anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Eigenskapar
Vi ønsker ein stabil, strukturert og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe med barn. I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar. God relasjonskompetanse, engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.

Vi tilbyr
– Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
– Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
– Løn etter gjeldande avtalar
– Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette. Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Lunde barneskule orgnr: 975282147
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted OS (Adresse: Klasavegen 10 Postnr: 5208)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 5
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 14-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bf2fc64d-81d0-447e-ab25-8aa57bffc6b5
IMPORTAPI