Job Description

Published 23-09-2024
Deadline: 15-10-2024

 

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Kuventræ barneskule ligg like ved Kuventræ idrettsplass, og har i dag 309 elevar
og 45 medarbeidarar. Skulen ligg flott plassert, med gode fasiliteter for ein aktiv skuledag året rundt. Visjonen vår er at «på Kuventræ barneskule skal ingen vera utanfor», og dette legg vi stor vekt på i alt vi gjer.

Vi treng ny fagarbeider i 89 % stilling. Oppstartdato etter avtale.

Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i skule og SFO.
Fagarbeidaren har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane, både i skule- og SFO-tida.

Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeiderfaget, eller annan relevant utdanning. Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Vi ønskjer ein strukturert og tydeleg medarbeider, med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe med barn.
I tillegg til formell kompetanse, legg vi stor vekt på personlege eigenskaper. Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.

Vi tilbyr
– Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
– Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
– Løn etter gjeldande avtalar
– Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgje BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Kuventræ barneskule orgnr: 975296601
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Industri og produksjon
Yrke Maskinteknikk og mekanikk
Sted OS (Adresse: Idrettsvegen 31 Postnr: 5210)
Stillingstype Engasjement Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/375699ec-c481-426d-9ea9-26f5e96cc287
IMPORTAPI