Job Description

Published 14-01-2025
Deadline: 02-02-2025

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

I oppvekstfeltet skal vi jobbe saman for å ta heile samfunnet sine ressursar i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege med barn, unge og føresette i sentrum. For å få dette til er alle tenester til barn, unge og familiar organiserast i Familiens hus. Einingane som inngår i Familiens hus er Førebyggande helse, Eining for barn, unge og familiar og Barneverntenesta.

Barneverntenesta i Bjørnafjorden kommune søker nye medarbeidarar til ein viktig og
meiningsfylt jobb:

2 x 100% fast stilling i avdeling for undersøking og tiltak (mogeleg 100% vikariat dersom intern tilsetting i fast stilling)

Arbeidsstad
Bjørnafjorden barnevernteneste har ca.24 årsverk og er organisert i Familiens hus under Oppvekst. Vi held til i fine lokaler sentralt i Os sentrum. Alle tilsette har eige kontor. Tenesta er utviklingsorientert, har mentor ordning, god opplæring og rettleiing for nytilsette kvar veke. Vi ser fram til å få nye kollegaer som saman med oss ønskjer å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar i vår kommune

Arbeidsoppgåver
-Sakshandsaming etter lov om barneverntenester
-Undersøke barn sin omsorgssituasjon
-Følge opp barn og familiar som får hjelp frå barneverntenesta i heimen/utanfor heimen
-Tverrfagleg samarbeid kring barn og familiar

Kvalifikasjonar
Minimum 3-årig sosialfagleg og/eller anna relevant utdanning frå høgskule/universitet,
Søkjare som ikkje fyller krav til utdanning frå 2031 må være villige til å ta vidareutdanning.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
(HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi ønskjer òg at du har:
– Erfaring frå barnevernsarbeid, eller anna arbeid med barn og vaksne
– Evne til å arbeide målretta, både sjølvstendig og i team
– Evne til å sjå moglegheiter og tenke nytt til det beste for barn og deira familiar
– Evne til å sjå og vise omsorg for barn og unge som enkeltmenneske med integritet og verdi
– Forståing for barneverntenesta sine målsettingar og utfordringar
– Erfaring frå offentleg forvaltning, tverrfagleg samarbeid og bruk av IT som arbeidsverktøy

Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Du må ha førarkort og høve til å disponere eigen bil.

Vi ønskjer å vere tilgjengelege når brukarane våre er det, difor må noko arbeid ettermiddag/kveld påreknast.

Vi oppmodar menn til å søkje.

Vi tilbyr
– Meiningsfylte utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
– Fagleg og personleg utvikling.
– Fleksibel arbeidstid i nye, trivelege lokale i Os sentrum.
– Eige kontor.
– Mogelegheiter til å køyre til jobb og gode parkeringsplassar.
– Gode pensjons- og forsikringsordningar og lønn etter avtale.

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.          

Kontaktpersonar:
Mariann Kjelby, Barnevernleiar, mobil 479 13 120
Anne Heggland, Avdelingsleiar, mobil: 984 99 710

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Barneverntenesta orgnr: 883796802
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted OS (Adresse: Brugata 24 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-02-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7d0b0374-eb82-4763-b164-0a6916499e3e
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31