Vil du leie og utvikle Sevland skule? – Sevland skole, Karmøy kommune

(4 days ago)

  • SÆVELANDSVIK
  •  Post Date: 25. March 2025
  •  Expire date: 10. April 2025
Job Description

Published 25-03-2025
Deadline: 10-04-2025

Vil du leie og utvikle Sevland skule?

Sevland skule er ein flott barneskule for 1.-7. trinn, sentralt plassert på Karmøy med kort avstand til vakre naturområde og eit stort, fantastisk uteområde på skulen! Skulen har om lag 150 elevar fordelt på åtte klassar.  Det er ein klasse per trinn, i tillegg til ein velkomstklasse som er eit tilbod til elevar som skal lære norsk før dei startar på sine nærskular.

Skulen har eit positivt personale med 25 tilsette, både pedagogar, miljøarbeidarar og miljørveiledarar. Alle desse vaksne arbeidar for å skape ein trygg og inkluderande skule og SFO. Det populære SFO-tilbodet på Sevland skule har rundt 51 elevar. Skulen si leiing består av rektor og undervisningsinspektør. 

Sevland skule har eit stort fokus på at elevane skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø. Elevane våre skal kjenne seg trygge, verdifulle og inkluderte i fellesskapet. På skulen vår har personalet det sosialt og kjekt saman på jobb. Personalet er delt inn i to team som jobbar tett saman for å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø. Det er mykje humor og varme på arbeidsplassen, noko som smittar over på elevane våre.

Rektor er skulens øvste leiar, og har hovudansvaret for å utvikle skulen slik at elevar og tilsette opplever meistring og utvikling. Vidare har rektor ansvar for pedagogisk leiing og utvikling, administrativ og økonomisk styring av skulen og personaloppfølging. Rektor skal forvalte skulen sine totale ressursar på ein måte som sikrar god undervisning og læring. Som leiar i Karmøyskulen blir du ein viktig lagspelar i arbeidet med å skape gode oppvekst- og læringsvilkår for barn og unge i Karmøy kommune. Vi søkjer deg som har eit inkluderande elevsyn og som er i stand til å sjå den enkelte elev. 

“Eg vil – eg kan – eg er noko” er vårt motto! 

Stillinga er ledig frå 1.august.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet slik at det gir auka læringsutbytte til elevane
  • Leie og motivere medarbeidarar til samarbeid og målretta utviklingsarbeid
  • Utarbeide og følgje opp skulen sine strategiar og mål i samarbeid med lærarar, foreldre og andre samarbeidspartnarar.
  • Økonomi- og budsjettansvar for skulen sine ressursar og drift.
  • Sikre trygge og inkluderande rammer for læring, basert på open kommunikasjon og samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning inkludert pedagogisk utdanning
  • Undervisningserfaring
  • Gode leiareigeskapar, ønskjeleg med erfaring som leiar
  • Har eller har ønskje om å ta leiarutdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskaper

  • God på samhandling og til å byggje relasjonar
  • Modig og ansvarleg – tør å ta initiativ til og gjennomføre endringar
  • Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
  • Tilpasningsdyktig og løysningsorientert
  • Ha fokus på arbeidsmiljø og oppfølging av personalet
  • Strukturert og målretta med fokus på elevane og skulen sitt beste.

Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på. 

Vi tilbyr

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling 
  • Ein kommune som satsar på skule og dei tilsette
  • Oppfølging og rettleiing av nye skuleleiarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Generelle lønnsplasseringar etter lokal lønnspolitikk 

    Tilsetting på vilkår og avtaler som gjeld innan skulefeltet. Det blir krevd gyldig politiattest for alle som skal arbeide i skule

Kontaktinformasjon

Kristin M. Tangen, Avd.leder skolesjefens stab, 95139433, kbe03@karmoy.kommune.no
Bjørn Nøttum, Skolesjef, +47 40427563, bno@karmoy.kommune.no

Arbeidssted

Vestre Veaveg 32
4275 Sevlandsvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Karmøy kommune

Referansenr.: 4942058453
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sevland skole, Karmøy kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Karmøy er regionens største kommune med mer enn 43 000 innbyggere hvor du finner et godt bo- og oppvekstmiljø, et rikt kulturliv og gode fritidstilbud. Kommunen tilbyr god kvalitet på tjenestene og vil videreutvikle seg sammen med både deg, frivilligheten og næringslivet i en bærekraftig retning. 
 
I kommunen er det 3600 ansatte i hel- og deltidsstillinger. Vi jobber kontinuerlig for å være regionens beste arbeidsplass og skal være modig, inkluderende og åpen.  

Sammen om framtidens Karmøy

Webside https://www.karmoy.kommune.no
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Design, grafisk arbeid og illustrasjon
Sted SÆVELANDSVIK (Adresse: Vestre Veaveg 32 Postnr: 4275)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d05909ec-e18c-461b-957f-8dab751a7615
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31