Vil du gjere ein skilnad? – Ål kommune Ål introsenter

Helse og sosial Miljøarbeidere

(1 week ago)

  • ÅL
  •  Post Date: 31. March 2025
  •  Expire date: 15. April 2025
Job Description

Published 31-03-2025
Deadline: 15-04-2025

Vil du gjere ein skilnad?

Ål introsenter har ledig ei 85 % fast stilling som flyktningkonsulent/programrådgivar frå 1.8.25. Har du motivasjon og engasjement for å bidra til at flyktningar raskast mogleg vert sjølvstendige og aktive medborgarar som finn seg til rette i lokalsamfunnet vårt? Ønskjer du spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde?

Då kan dette vere jobben for deg. Vi søker ein trygg og engasjert medarbeidar som vil vere med å vidareutvikle arbeidet med busetting, etablering, kvalifisering og inkludering av flyktningar i kommunen vår.

Ål introsenter har ansvar for å etablere og følgje opp flyktningar i fem år etter busetting i kommunen, samt ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. I 2025 skal kommunen også busette einslege mindreårige flyktningar.

Ål introsenter held til på Ål kulturhus og er organisert i oppvekstsektoren.

Arbeidsoppgåver:

  • Tett oppfølging og rettleiing av flyktningar etter busetting, blant anna knytt til kvardagsliv i eit nytt land og hjelp med praktiske oppgåver.
  • Ansvar for å bygge opp tenester til einslege mindreårige flyktningar.
  • Planlegging og gjennomføring av introduksjonsprogrammet, til dømes undervisning i livsmeistring og tema knytt til fysisk og psykisk helse.
  • Oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet.
  • Oppfølging av barn og familiar.
  • Saksbehandling etter gjeldande lovverk.
  • Oppfølging av deltakarar i praksis.
  • Samarbeid med næringsliv, oppfølging av praksis- og arbeidsplassar.
  • Samarbeid med andre tenester i kommunen.
  • Andre aktuelle oppgåver.

Noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid må påreknast.

Kvalifikasjonar

  • Sosialfagleg utdanning på bachelornivå
  • Erfaring med å jobbe med menneske, gjerne rettleiings- og motivasjonsarbeid
  • Erfaring med og interesse for arbeid med menneske frå ulike kulturar.
  • God kjennskap til norsk samfunnsliv, utdanningssystem og arbeidsliv, både lokalt og generelt
  • Bør ha førarkort og disponere bil

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som:

  • Har engasjement for faget og brukargruppa.
  • Er positiv, fleksibel og løysningsorientert.
  • Kan jobbe sjølvstendig.
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Har evne til å motivere menneske i ulike livssituasjonar og møte dei med respekt.
  • Kan sette grenser i krevjande situasjonar.
  • Er motivert til å jobbe tverrfagleg og heilskapleg.

Personlege eigenskapar vert vektlagd.

 Me kan tilby:

  • Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
  • Eit hyggeleg og engasjert arbeidsmiljø.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Lønn etter avtale.
  • Pensjonsordning i KLP.

Politiattest og søknad:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Velkomen som søkjar!

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ål kommune Ål introsenter orgnr:
Kort om arbeidsgiver Ål introsenter tilbyr opplæring i norsk og samfunnskunnskap til elevar frå Ål og Hol kommune. Elevane våre kjem frå mange ulike land og som tilsett hos oss vil du spele ei viktig rolle for språkinnlæring og inkludering i samfunnet.

Ål introsenter er organisert i oppvekstsektoren og held til på Ål kulturhus. Introsenteret har også ansvar for busetting, etablering og inkludering av busette flyktningar i Ål kommune.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted ÅL (Adresse: Myren 40, Postnr: 3570)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 15-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6452287d-9a2a-4014-bf12-0adcf762c194
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31