Vil du gjere ein forskjell? – Solund kommune Helse og omsorg

Education Kindergarden

(6 måneder ago)

  • HARDBAKKE
  •  Post Date: 20. May 2024
  •  Expire date: 31. December 2024
Job Description

Published 20-05-2024
Deadline: 31-12-2024

 

Vil du gjere ein forskjell?

Har du lyst på en spanande jobb som kan gjere kvardagen betre for andre?
Då er det kanskje akkurat deg vi leitar etter!

Støtte- og treningskontakttenenesta har alltid behov for fleire kontaktar til oppdrag med ulikt omfang. 

Vi søker deg som til dømes er student, uføretrygda, pensjonist eller deg som er i jobb.

Som støtte- og treningskontakt bidrar du til at menneskje med behov for bistand får ei meir aktiv og meiningsfull fritid. 

Våre tenestemottakarar er barn, ungdom, vaksne og eldre med ulike interesser og ulike behov for tilrettelegging. Vi har derfor behov for fritidskontakter av begge kjønn, i ulik alder og med ulike interesser.
Eit oppdrag er gjennomsnittleg 2-3 timer per veke.

Arbeidsoppgåver

Bidra til at tenestemottakar får moglegheit til ei meir aktiv og meiningsfull fritid ved å delta på ulike kultur- og fritidsaktivitetar som gåturar, kafébesøk, symjebassenget, kulturaktivitetar eller ved å ha støttesamtalar. Motivere og leggje til rette for deltaking saman med andre. Motivere til å utforske nye aktivitetar i trygge rammer

Det er viktig at du kan utføre oppdrag over lengre tid, minimum 6 mnd.

Kvalifikasjonar

  • Det vert ikkje stilt krav til formell utdanning. Personleg eignaheit og erfaring vektleggast.
  • Du har fylt 18 år
  • Det er ynskjeleg men ikkje eit krav om at du har førarkort og disponerer bil
  • Det er viktig at du er påliteleg og held avtaler
  • Du er aktiv, engasjert og god til å bygge relasjonar
  • Gode norskkunnskapar, særleg munnleg 
  • Politiattest må framvisast ved eventuelt tilbod om oppdrag

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse og romslegheit for andre menneske
  • Du er fleksibel
  • Du er trygg på deg sjølv og kan sette grenser
  • Du er positiv og flink til å motivere andre

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfullt og gjevande oppdrag kor du får moglegheita til å gjere ein forskjell for andre
  • Godtgjersle etter KS sine satsar 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Solund kommune Helse og omsorg orgnr:
Kort om arbeidsgiver Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen.

Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen.

I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband.

Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage
Sted HARDBAKKE (Adresse: Hardbakke Postnr: 6924)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ee75a534-fb2f-45f7-ad65-3c480b072ba6
IMPORTAPI