Job Description

Published 07-10-2024
Deadline: 31-10-2024

 

Vil du bygge ettertrakta arbeidserfaring, læra meir om ungdom og utvikla relasjonskompetansen din?  

Vi ser i samband med dette etter deg som har eit stort engasjement og hjarte for ungdom som treng trygge og dyktige vikarar rundt seg for at dei skal få eit godt liv som vaksen.

I Bufetat er vi stolte over det arbeidet vi gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varar livet ut. Vi ligg i front internasjonalt innafor våre fagfelt når det kjem til kunnskapsbasert praksis, der vi både bidreg til og praktiserar den aller siste forskinga. 
Hos oss møter du ein arbeidskultur prega av åpenheit og nytenking. Vi ser etter deg som er nysgjerrig og ikkje låsar deg til bestemte løysingar på utfordringane i jobben. For å kunne gje alle våre barn og unge god og tilpassa omsorg, ønsker vi derfor å rekruttere medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.

Skjoldvegen barnevernsenter er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 – 18 (20) år. Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.2 og 5.1.

Senteret har tre avdelingar; Søfteland, Skjold og Fyllingsdalen med til saman 14 plassar. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar. Avdeling Skjold og Søfteland jobbar etter Omsorgs- og endringsmodellen, avdeling Fyllingsdalen har Målstyrt miljøterapi. 

Som tilkallingsvikar hos oss, vil du kunne jobbe både dag, kveld, natt og langturnus. Vi har særleg behov for vikarar på natt.

Søknadar vil bli fortløpande behandla og aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Søkjarar som ikkje har kvalifikasjonar i tråd med krav, vil ikkje bli vurdert.

Arbeidsoppgåver

Korleis er det å jobbe som tilkallingsvikar i Bufetat?

Bufetat driftar institusjonar der ungdom er plassert med bakgrunn i ulike og samansette årsaker. Ungdomane blir ofte kjenneteikna ved å i tillegg til å vera vanlege tenåringar, også ha samansette og omfattande utfordringar i liva sine. Dette kan vera knytt til psykisk helse, rusproblematikk, ustabile relasjonar, mangel på tillit til system og normbrytende åtferd. Dei kan òg ha erfaringar med vald, traume og ustabile buforhold med fleire tidlegare flyttingar.

Institusjonane eller ungdomsheimen vår som vi kallar dei, er opne året rundt og er bemanna av miljøterapeutar som jobbar i turnus. Som tilkallingsvikar hos oss, vil du kunne jobbe både dag, kveld, natt og langturnus. Vi har særlig behov for vikarar på natt.
Eit tilkallingsvikariat kan være ein fleksibel løysning for deg som ønskjer å jobbe variert, både opp mot arbeidstid og mengde. 

Dette vil du få jobbe med

Kvar ungdom har den individuelle handlingsplanen sin basert på behovet til den enkelte. Oppgåva di som tilkallingsvikar er å stå stødig saman med fast personal i oppfølginga av ungdom. Dette kan til dømes innebera oppfølging av skule, helse, fritidsaktivitetar og husarbeid. Men jobben inneber også oppfølging av ungdomane og uttrykka dei kjem med. Konfliktsituasjonar, grensesetting og utfordrande samtalar kan også bli ein del av arbeidskvardagen din. Nattevaktsvikarar har og ein del praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane. Alle ansatte har ansvar for å bidra opp mot dagleg dokumentasjonsarbeid.

Oppfyller du kvalifikasjonskrava og synest jobben verkar spanande, ønskjer vi å høyre frå deg!

Kvalifikasjonar

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast. 
  • Studentar på relevant høgskolenivå innafor godkjend helse – og sosialfaglig utdanning kan verta aktuelle.
  • Kandidatar utan bachelorgrad, med relevant kompetanse/erfaring kan vurderast.
  • Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Krav om god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Krav om førarkort for personbil kl. B.

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Det er ønskeleg at du har kjennskap til relevant lovverk og Traumebevisst omsorg

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom
  • rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg
  • har gode evner til å bygga relasjonar
  • har evna til å la deg engasjera, og kan engasjera og motivera andre
  • har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
  • er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spennande kvardagar
  • ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar
  • har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team
  • kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding
  • har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing
  • har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap
  • er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk
  • har god fysisk og psykisk helse

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Skjoldvegen barnevernsenter har lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vere
avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom personalsamansetninga er
viktig.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 – 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 – 624 500 pr. år (ltr. 53-64).
  • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 – 624 500 pr. år (ltr. 54-64).
  • Ved tilsetjing kan og følgjande stillingskodar vere aktuelle: stillingskode 1486 miljøarbeidar, p.t. kr 394 100 – 454 500 pr. år (ltr. 30-43), stillingskode 1203 fagarbeidar, p.t. kr 432 800 – 487 800 pr. år (ltr. 39-48) eller stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t. kr 443 000 – 502 300 pr. år (ltr. 41-50).
  • Løn i høve til utdanning og arbeidserfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 

Opplysingar til deg som søker:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse: fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkerportalen.
  • Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rette  kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Skjold.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

 

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, eller takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Jeanette Grindeland, Avdelingsleiar, 46617627, jeanette.grindeland@bufetat.no
Bonita Esther Hanson, Avdelingsleiar, 46616484, bonita.hanson@bufetat.no

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bufetat

Referansenr.: 4869760143
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Skjoldvegen barnevernsenter, Bufetat orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Webside http://bufdir.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted NESTTUN (Adresse: Postnr: 5221)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 10
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ee8d49f9-6537-4af3-b902-cfa61b211fba
IMPORTAPI