Vil du bli vår nye skipsførar? – Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS

Transport og lager Sjøfart

(3 days ago)

  • STORESTANDAL
  •  Post Date: 5. January 2025
  •  Expire date: 21. January 2025
Job Description

Published 05-01-2025
Deadline: 21-01-2025

 

Vil du bli vår nye skipsførar?

 

Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har no ei ledig stilling som skipsførar i sambandet Standal – Trandal, p.t. MF Kvernes.

Kvifor velje oss?

  • Variert og spanande arbeid: Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spanande arbeidsoppgaver.
  • Fleksibel Turnusordning: 1 veke på, og 1 veke av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid. 
  • Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
  • Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!

Mannskapet bur om bord i arbeidsperioden. Byttedag på onsdagar.

De har ferievikar til avvikling av sommarferie.

Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fridtid!

Arbeidsoppgåver

  • Sikkerheitsstyring
  • Energileiing
  • Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
  • Ansvarleg for personleg tryggleik
  • Ansvarleg for miljømessig tryggleik
  • Skipsførar er leiar om bord
  • Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi leiter etter ein ansvarleg skipsførar med erfaring innan maritime operasjonar og ledelse. Du bør ha ein sterk forståelse for sikkerheitsprosedyrer, gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å ta raske beslutningar i krevande situasjoner. Som skipsførar vil du sikre trygg og effektiv drift, samt inspirere og lede mannskapet om bord. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
  • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
  • Attrakive velferdsordningar.
  • Turnusordning: 1 veke på, og 1 veke av.

Kontaktinformasjon

Solveig Bjørnvold, Bemanningskoordinator, +47 47904789, solveig.bjornvold@fjord1.no

Arbeidsstad

 Ørsta Municipality

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4903080688
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Webside http://www.fjord1.no
Bransje Transport og lager
Yrke Sjøfart
Sted STORESTANDAL (Adresse: Postnr: 6184)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/cf8051b5-fa67-4132-aaa0-386b08c2603b
IMPORTAPI