Vil du bli vår nye sjukepleiar på legekontoret i Aukra? – Aukra kommune Helse

Health and social care Nurse

(1 week ago)

  • AUKRA
  •  Post Date: 28. October 2024
  •  Expire date: 13. November 2024
Job Description

Published 28-10-2024
Deadline: 13-11-2024

 

Vil du bli vår nye sjukepleiar på legekontoret i Aukra?

Vi treng å styrke laget med ein 60% stilling som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar ved Aukra legekontor. Om ønskeleg kan det leggast til rette for at stillinga kan kombinerast med anna deltidsstilling.

Aukra legekontor er kommunalt drive. Frå august 2023 har legekontoret tre fastlegar og 4,5 stillingar til sjukepleiarar og anna hjelpepersonell.
Kontoret betener ca. 2600 fastlegepasientar.

Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver er varierte; laboratoriearbeid, sårstell, assistera ved småkirurgi og andre prosedyrar.
Kontoret betener legevakt på kvardagar mellom kl.08 -16.00.

Vaksinasjonsarbeid, arbeid i resepsjonen, ta imot og triagere telefonhenvendingar/direkte henvendingar. Det er også merkantile arbeidsoppgåver.

Organisering av tenester ved legekontoret er i stadig endring slik at ein må vere førebudd på å måtta tileigne seg ny kompetanse for å komme i møte behovet til legekontoret.
Nærare informasjon får ein ved å kontakte kommuneoverlegen.

Krav til søkar

  • Du må ha godkjent utdanning og erfaring som sjukepleiar. Erfaring frå legekontor blir høgt verdsett.
  • Vi søkjer deg som arbeider strukturert under høgt tempo og press, er fleksibel, sjølvstendig, kommuniserer godt, og dessutan har evne til å arbeida tverrfagleg.
  • Du må ha god datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy.
  • Vi legg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker.

Vi tilbyr

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå meir om KLP her: https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
  • Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
  • Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
  • Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Prøvetid
Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen “Send søknad”

Sjå ein kort presentasjon av Aukra kommune her: https://www.youtube.com/watch?v=nDe8ChkkXj

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Aukra kommune Helse orgnr:
Kort om arbeidsgiver Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.

Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: kommunedirektør, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 9 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted AUKRA (Adresse: Aukraringen 17 Postnr: 6480)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1e0e2235-e512-436a-b997-0fff228cc6b4
IMPORTAPI