Vil du bli vår nye dagmann/lettmatros? – Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS

Transport og lager Sjøfart

(3 days ago)

  • ONARHEIM
  •  Post Date: 18. December 2024
  •  Expire date: 3. January 2025
Job Description

Published 18-12-2024
Deadline: 03-01-2025

 

Vil du bli vår nye dagmann/lettmatros?

Bli med på verdas største grøne revolusjon i ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mestattraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Kunne du tenke deg å bli matros i Fjord1? Da er dette stillingen for deg! 

Vikariat i perioden 15.01.2025 – 31.10.2025!

Fjord1 har ledig opplæringsstilling som dagmann i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, pt. MF Julsund. MF Julsund blei bygd i 2004, men blei i 2019/2020 oppgradert og ombygd til hybrid der batteri er primær-energikjelde for framdriftssystemet.

I denne stillinga har kandidatar uten kvalifikasjoner mogelegheiten til å komme inn i eit opplæringsprogram på vegen mot å bli matros. Har du lite eller ingen erfaring, vil du kunne starte som dagmann og vidare bli lettmatros. Dette er ein fysisk krevande stilling, så ein må like å være i aktivitet.
Har du kvalifikasjonar til det, kan du starte som lettmatros og vidare bli matros.

Skiftordning: dagvakt – 2 veker på og 2 veker av. (Hverdager kl 07:00 – 19:00, lørdag kl 11:00 – 16:00 og søndag kl 11:00 – 19:30).

I denne stillinga vil ein ikkje bu ombord, det vil derfor vere ein fordel å bu lokalt.

Arbeidsoppgåver

  • Førefallande arbeid om bord
  • Billettering
  • Kundehandsaming
  • Andre oppgåver iht stillingsinnstruks

Kvalifikasjonar

  • Gyldig helseerklæring
  • (Krise- og passasjerhandtering) 
  • Søker må ha fylt 18 år

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet.
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av
  • Må bu lokalt

Kontaktinformasjon

Silje Terese Hjønnevåg Hole, Bemanningskoordinator, +47 91311704, silje.hole@fjord1.no

Arbeidsstad

Fv49
5414 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 4898715073
Stillingsprosent: 1%
Vikar
Søknadsfrist: 03.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjord1 – Maritim Drift, Fjord1 AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver Fjord1 si kjerneverksemd er ferjetransport, og er det leiande selskapet i næringa med ferjedrift langs store delar av norskekysten, frå Bodø i nord til Stavanger i sør.

Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.

Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.

Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Webside http://www.fjord1.no
Bransje Transport og lager
Yrke Sjøfart
Sted ONARHEIM (Adresse: Fv49 150 Postnr: 5694)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/7f8492e6-5455-4931-b7fb-d3c0b15884cf
IMPORTAPI