Job Description

Published 07-11-2024
Deadline: 25-11-2024

 

Vil du bli med på laget?                          – Me har ledig 20% fast stilling som pleieassistent   

  • Voss sjukehus, medisinsk sengepost har ledig 2 faste 20% stillingar for pleieassistent
  • Stillinga høver godt for sjukepleiarstudentar/medisinstudentar
  • Stillinga er ledig frå 1. desember 2024

Arbeid kvar 3. helg i todelt vaktordning

Litt om medisinsk sengepost:
Medisinsk sengepost er ein heildøgn sengepost med 20 sengeplassar. 
Avdelinga er ei generell indremedisinsk avdeling der omlag 95% av innleggingane er øyeblikkeleg hjelp (ØH).
Avdelinga har spesialkompetanse innan kreftomsorg, smertelindring, hjerneslag, mage-/tarm-, lunge- og hjartesjukdom. 

Samarbeid:
Me har nært samarbeid med andre postar og spesialavdelingar ved sjukehuset som laboratorie, poliklinikkar, røntgenavdelinga og fysikalsk avdeling med tverrfaglege tenester.

Litt om sjukehuset:
Voss sjukehus er lokalsjukehus for om lag 30.000 innbyggjarar i indre Hordaland. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i Indre Sogn.
Me har full akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi, og det er gode støttetenester innanfor radiologi, fysioterapiavdeling og laboratorium med blodbank.
Det er i underkant av 400 tilsette på sjukehuset. Voss sjukehus har hatt ein stor aktivitetsvekst og ynskjer å fortsette den positive utviklinga.

Litt om Voss:
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og – aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.

Arbeidsoppgåver

  • Pleie og oppfølging av pasientar med generelle indremedisinske diagnosar
  • Førefallande arbeid i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha erfaring frå relevant helseutdanning
  • Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon

Personlege eigenskapar

  • Vere ein god teamarbeidar
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Like varierte utfordringar
  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din

Vi tilbyr

  • Opplæring med fadder
  • Lærerik og spennande jobb i aktivt miljø
  • Meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
  • Løn etter gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sissel Marie Finne, Assisterande seksjonsleiar, 56533735
Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, 95890493

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4882923263
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Voss sjukehus/ Medisinsk avdeling sengepost, Helse Bergen orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted VOSS (Adresse: Sjukehusvegen 16 Postnr: 5704)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/c5a3643b-82f4-40aa-8023-319557201120
IMPORTAPI