Vil du bli lærling i Solund? – Solund kommune Solund barne- og ungdomsskule
Education Barnehage- og skolefritidsassistenter(2 days ago)
Job Description
Published 13-03-2025
Deadline: 15-04-2025
Vil du bli lærling i Solund?
Solund kommune har som mål å rekruttere ein lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget for perioden 2025 – 2027.
Skulen og barnehagen har mange dyktige medarbeidarar som vil ta godt vare på deg som ynskjer å bli barne- og ungdomsarbeidar. Vi kan tilby 2 års læretid med oppstart hausten 2025.
Vi kan tilby variert praksis innan barnehage og skule/SFO, og vi vil leggje til rette for ei god læretid.
Som lærling vil du få eigen fagleg ansvarleg som fylgjer opp læreløpet saman med deg, samt rettleiarar i avdelinga som føl opp med rettleiing og opplæring i dei daglege gjeremåla.
Krav til stillinga:
- godkjent politiattest før tiltreding
- må kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
- fullført og bestått vidaregåande 1 og 2 innan helse- og oppvekstfag/barne- og ungdomsarbeidarfag
- vi vurderer søkjarar som ønskjer å ta fagbrev som privatist
Vi tilbyr:
- løn som lærling etter gjeldande regelverk
- god pensjonsordning i KLP
- eit spanande og godt arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- fagmiljø i eit godt team
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi håpar du har lyst til å fortsette vegen mot fagbrev hos oss og sender ein søknad!
Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem. For å søkje på stilling hjå oss, må du opprette eigen brukeridentitet og passord i EasyCruit.
Velkomen som søkjar.
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO