Job Description

Published 08-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Vil du bli ein del av laget som skal utvikle Sunnfjordskulen? Vi søker etter

 

Flatene skule har 223 elevar frå 1. – 5. trinn. Skulen ligg flott til i nærleiken av Førde sentrum. Skulen var ny i 1998 eg er bygd for SFO og småskuletrinnet. Det er gode fasilitetar for undervisning, leik, samlingar og SFO aktivitetar.  Flatene skule har god fagleg kvalitet og det er høg trivsel blant elevar og tilsette. Sunnfjordskulen har for tida fokus på å utvikle vurderingspraksis, begynnaropplæring, inkluderande praksis og profesjonsfellesskapet.

Vi søker ein rektor som er ein tydeleg leiar, ein lagspelar som er engasjert og samlande. Du må vere ein aktiv skuleleiar som evner å delta og drive prosessar framover.  Du må evne å omsette Sunnfjord kommune sine verdiar – engasjert, inkluderande og nær, i praksis.

Vi søker deg som har:

  • erfaring frå skuleleiing
  • god pedagogisk forståing og innsikt
  • erfaring frå utviklingsarbeid
  • systemkompetanse og erfaring frå å nytte resultat i utviklingsarbeid
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Arbeidsoppgåver:

  • leie og motivere til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
  • utvikle skulemiljøet og arbeide førebyggande mot mobbing
  • økonomiansvar
  • personalansvar
  • rapporteringsansvar til kommunalsjef
  • drive skulen i samsvar med lov, sentrale og kommunale føringar
  • legge til rette for godt samarbeid mellom foreldre og skule
  • legge til rette for tverrfaglig arbeid og samarbeide med ulike tjenester

Utdanning:

  • godkjend utdanning frå høgskule/universitet med undervisningskompetanse for grunnskulen
  • du har utdanning i skuleleiing, eller er villig til å ta slik utdanning

Personlege eigenskapar:

  • kunne stå fram som ein tydeleg leiar med visjonar for skulen
  • kunne sette born si læring og utvikling i sentrum for arbeidet
  • vere samlande og inkluderande
  • strukturert  og ryddig
  • kunne handtere eit høgt arbeidstempo og utfordrande saker
  • ein lagspelar som bidreg i kommunen sitt faglege fellesskap
  • er lojal i høve politiske vedtak og administrative avgjerder

Vi kan tilby:

  • gode løns- og arbeidsvilkår
  • eit fagleg fellesskap
  • ein aktiv skuleeigar som legg til rette for utviklingsarbeid
  • ei spennande og utfordrande leiarstilling

Som leiar i Sunnfjord kommune blir du ein del av eit fagleg fellesskap, med gode moglegheiter for personleg utvikling.

Flatene skule har ein merkantil ressurs på 80 % og ein assisterande rektor.

Aktuelle søkarar blir innkalla til intervju.

Saman blir vi drivande gode, vi ser fram til å høyre frå deg!

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnfjord kommune Skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
Webside
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted FØRDE (Adresse: Hafstadvegen 42 Postnr: 6800)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4e8e5e09-d5ac-411a-9239-cb33037e1558
IMPORTAPI