Job Description

Published 16-03-2025
Deadline: 07-04-2025

Vil du bidra til trygg, stabil og effektiv kraftproduksjon? – bli driftsingeniør i Sunnhordland Kraftlag!

Ønsker du å arbeida i ein bransje i stor utvikling, der du får ei sentral rolle i å overvaka og optimalisera kraftproduksjon? Sunnhordland Kraftlag (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg.

Som driftsingeniør i SKL får du ei unik moglegheit til å jobba med avanserte kraftsystem i eit miljø der optimal drift, gjennom omstilling og utvikling, står i fokus. Du vil få ei viktig rolle i overvaking og styring av våre heil- og deleigde anlegg. Me har 37 vasskraftanlegg, 2 produksjonsanlegg for hydrogen og Midtfjellet vindkraftanlegg på Fitjar. Du har rolla som leiar for kopling (LFK) og sit med ansvaret når kraftverka våre blir kopla inn og ut. Arbeidskvardagen er del av ei skiftordning, og er i stor grad prega av sjølvstendig arbeid. Du tar del i koordinering og planlegging av produksjon og vedlikehald i samarbeid med teknisk drift og krafthandlarane.

SKL er blant dei første i landet med fjernovervaking av hydrogenanlegg og satsar sterkt på digitalisering for å effektivisera kraftproduksjonen. No går me over til meir automatiserte løysingar, betre dataflyt og tettare overvaking.

Gjer dette deg nysgjerrig? Då vil me gjerne høyra frå deg!
 
Din kompetanse: 

  • Relevant ingeniør- eller fagingeniørutdanning, til dømes elkraft, elektro eller automasjon.
  • Gjerne relevant arbeidserfaring frå kraftanlegg eller driftskontrollsystem, men nyutdanna er også velkomne til å søka.
  • God systemforståing og sterke digitale ferdigheiter
  • Beherskar både norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
  • Me forventar ikkje at du har erfaring med å styre ein driftssentral, så fullstendig opplæring vil bli gitt.

Dine personlege eigenskapar:

  • Du arbeider strukturert og trivst med sjølvstendig arbeid.
  • Du kan handtera uforutsette utfordringar og evnar å halda roa i stressande situasjonar.
  • Du trivst med å ha stort ansvar.
  • Du er flink til å koordinera og kommunisera godt med ulike aktørar.
  • Du er initiativrik, lærevillig og har teknisk forståing og interesse.

Me tilbyr: 

  • Du får arbeida i ein samfunnskritisk bransje i kontinuerleg utvikling
  • Eit godt, fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling både internt i selskapet med tilknytta verksemder, og moglegheit for kompetanseheving
  • Vaktordning der du får koma heim kvar dag, og ei heil friveke kvar sjette veke.
  • Gode personal- og velferdsordningar.

SKL verdset eit arbeidsmiljø der menneske med ulik bakgrunn, kulturell forståing og funksjonsvariasjon kan bidra til innovasjon, vekst og verdiskaping. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søka.

Det blir utført bakgrunnssjekk i samsvar med kraftberedskapsforskrifta på den som blir tilbydd jobben.
 
Arbeidsstad: Ved vårt kontor på Stord 

Søknadsfrist: 07. april

Nysgjerrig? Har du spørsmål eller ynskjer ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med våre rekrutteringsrådgivarar i Human; Henrik Brandtzæg på 938 36 995 eller Magnus Ånestad på 992 67 888.
Du kan også kontakta gruppeleiar for driftssentralen i SKL, Espen Pedersen på 417 60 433.
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnhordland Kraftlag AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Norge og eig i kraftverk med samla installert effekt på 716 MW. Desse produserer årleg omlag 2 700 GWh (150 000 husstandar) i Vestland- og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltar også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon.
Webside www.skl.as
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted STORD (Adresse: Lønningsåsen 2 Postnr: 5417)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/636b30d0-349a-4e55-9b3b-5bc45997cff4
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31