Job Description

Published 18-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Vil du bidra til at flyktningar blir integrert i vår kommune?

I oppvekstfeltet skal vi jobbe saman og ta heile samfunnet sine ressursar i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege med barn, unge og føresette i sentrum. For å få dette til er alle tenester til barn, unge og familiar organisert i Familiens hus.

Einingane som inngår i Familiens hus er Førebyggande helse, Eining for barn, unge og familiar og Barneverntenesta. Flyktningtenesta er ein del av Eining for barn, unge og familiar, og er organsiert som ein eigen avdeling. Saman med resten av  kommunen skal vi ivareta oppfølginga av flyktningar. 

Vi har ledig 100% vikariat som Ukrainsk tolk

Arbeidsoppgåver
– Tolkeoppdrag for flyktningtenesta

Kvalifikasjonar
– Kvalifisert tolk
– Oppført i Nasjonalt Tolkeregister i ukrainsk språk
– Bestått Tospråktest i ukrainsk
– Gjennomført TAO-kurs
– Erfaring fra tolking i offentlig sektor er ein fordel

 Vi legg vekt på personlege eignaheit, og at du:
– er fleksibel og sjølvstendig
– har gode samarbeidsevner

 Vi tilbyr
– Meiningsfylte utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
– Fagleg og personleg utvikling.
– Fleksibel arbeidstid
– Gode pensjons- og forsikringsordningar, og lønn etter gjeldande avtalar
– Oppstart etter avtale

 Ein må pårekna arbeid inntil ein ettermiddag i veka

Kontaktperson
Marita Hjelle, Avdelingsleiar Flyktningtenesta. Mobil 984 35 940

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID i søknadsprosessen.

 

 

 

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar orgnr: 875291092
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Tolk og oversettere
Sted OS (Adresse: Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d8ddee5d-a91d-44a4-abe4-7dfc6452a605
IMPORTAPI