Job Description

Published 11-12-2024
Deadline: 05-01-2025

 

Vil du bidra i kampen mot økonomisk kriminalitet?

I Vest politidistrikt, Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av økonomi-, miljø-, og arbeidsmarknadskriminalitet, Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet er det ledig ei eller fleire faste stillingar som spesialetterforkar. Stillingane er plassert i Bergen. Arbeidsstad i Florø kan vurderast for aktuelle kandidatar. Det må påreknast noko reiseverksemd i heile politidistriktet. 

Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet skal førebygge, avdekke og etterforske økonomisk kriminalitet i tillegg til å gi avdelingar i heile politidistriktet fagleg støtte innan finansiell etterforsking. Avsnittet har òg ansvar for taktisk etterforsking av dataangrep. Som tilsett i stillinga vil den primære oppgåva di vere etterforsking av økonomisk kriminalitet og annan profittmotivert kriminalitet, men du vil òg delta i andre etterforskingsoppgåver ved avsnittet. Det er forventa at du bidreg i etterretningsarbeidet ved systematisk innhenting for å styrke kunnskapsgrunnlaget innan fagfeltet. 

Avsnittet er sett saman av etterforskarar med politi og/eller økonomisk utdanning som arbeider sjølvstendig og i team med dyktige politiadvokater for å handtere komplekse straffesaker. Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer og leiarar, som saman spelar kvarandre gode og ønsker å utgjere ein forskjell.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre taktiske etterforskingsoppgåver innan fagområdet økonomi, og i saker der økonomi er eit viktig element
  • Utføre taktiske etterforskingsoppgåver innan andre saker som er tillagde avsnittet og seksjonen
  • Medverke i etterforskingsarbeid med tilrettelegging og utføring av ulike finansielle analysar, både ved økonomiavsnittet og som bistand til andre avdelingar, til dømes avsnitt for drap og grov vald, og avsnitt for seksuelle overgrep og organisert kriminalitet
  • Gjennomgang av digitalt beslag og elektroniske spor som inkluderer innhenting, sikring, analyse og dokumentasjon.
  • Identifisere og sikre verdiar.
  • Utarbeide rapportar, vurderingar og omfattande økonomiske analysar, i tillegg til berekning og inndraging av utbytte frå straffbare handlingar. 
  • Bistå representanten for påtalemakta i retten og/eller presentere eige arbeid internt eller eksternt. 
    eksternt
  • Drive intern opplæring og kompetansebygging hos medarbeidarane i heile politidistriktet innanfor fagområdet 
  • Sørge for at dei faglege oppgåvene som er tillagt avsnittet/seksjonen vert utført i samsvar med gjeldande lovar, reglar og instruksar
  • Utføre andre oppgåver tildelt av leiar

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Utdanning frå høgskule eller universitet på minimum bachelornivå eller tilsvarande innan relevant fagfelt
  • Relevant arbeidserfaring, innan økonomi, rekneskap, skatt og avgift og/eller antikvitvasking (AML)/bedrageri frå private næringsliv eller kontrolletatar eller anna relevant erfaring
  • Gode IT og systemkunnskapar med evne til å ta i bruk relevant verktøy som til dømes Excel
  • God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
  • Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetjing jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41

Ønskeleg:

  • Erfaring frå revisjonsbransjen eller liknande
  • Arbeidserfaring frå politi eller anna offentleg/privat kontroll- eller tilsynsverksemd
  • Kompetanse og erfaring knytt til bruk av politiets samla etterforskingsmetodar
  • Erfaring med prosjekt- og teamarbeid
  • Kunnskap i bruk av datasystema til politiet
  • Relevante kurs/ etterutdanning frå PHS er ønskeleg – t.d. inndraging og pengespor eller rettleiingspedagogikkompetanse og erfaring knytt til bruk av politiets samla etterforskingsmetodar
  • Kunnskap om bruk av digitale spor i etterforsking/gransking er ein fordel
  • Kjennskap til digitale betalingstenester og kryptovaluta er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, analytisk og initiativrik
  • Gode kommunikasjonsevner og god til å bygge relasjoner
  • Ha evne til å omstille seg raskt i ein hektisk arbeidskvardag
  • Evne å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Vere positiv og løysingsorientert, og oppteken av å skape resultat i samhandling med andre

Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga vert lønna som spesialetterforsker (stillingskode 1552)  frå  708.000,- brutto pr. år. Vidare
    lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
  • Mulighet for trening i arbeidstida
  • Bedrifthelseteneste

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr: 24/161848

Kontaktinformasjon

Martin Fosse, Avsnittleiar, 47691036
For spørsmål om elektronisk CV/ søknad, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate
5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt

Referansenr.: 4839556527
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 05.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver FEE-Avsnitt for etterforskning av økonomisk kriminalitet, Vest politidistrikt orgnr: 974737329
Kort om arbeidsgiver

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 593 450 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt – kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral. 

Webside www.politiet.no/jobb
Bransje Sikkerhet og beredskap
Yrke Politi, fengsel og toll
Sted BERGEN (Adresse: Allehelgens gate Postnr: 5016)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 05-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e4dcf877-c218-4bdb-8ae0-7b97c9cbe129
IMPORTAPI