Job Description

Published 24-10-2024
Deadline: 11-11-2024

 

Vil du arbeide med næringsutvikling innan fiskeri og havbruk?

Vi ser etter en ny medarbeidar som i hovudsak vil arbeide med å legge til rette for ei berekraftig næringsutvikling innan fiskeri og havbruk. Dette er i utgangspunktet eit vikariat på eitt år, som eventuelt kan forlengast med prosjektretta oppgåver i eitt år til. Arbeidsplass for den som vert tilsett vil vere i Leikanger i Sogndal kommune eller Bergen. For særleg kvalifiserte kandidatar kan det kan det vera moglegheit for kontorplass på andre stader der vi har våre fagfolk. Seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv inngår i avdeling for næring, plan og innovasjon i Vestland fylkeskommune. Vi arbeider med landbruk, reiseliv,  lokalsamfunnsutvikling, marin sektor, vassforvaltning, vilt og mineral. Fellesnemnaren for arbeidet er å utvikle samfunna våre og forvalte naturressursane på ein god måte.

Arbeidsoppgåver

Vestland fylkeskommune har etablert eit større samhandlingsprosjekt som skal fremme ein berekraftig sjømatproduksjon og styrka marin innsats, der vi samarbeider tett med næringane, statlege etatar og kunnskapsmiljøa. Du vil arbeide med interessanne oppgåver i dette prosjektet. Du vil elles mellom anna arbeide med desse arbeidsoppgåvene:

  • Halde god kontakt opp mot fiskerinæringa og statlege styresmakter, og dele oppdatert kunnskap
  • Utarbeide innspel til statlege styresmakter, deriblant svar på høyringar i fiskerisaker
  • Ta del i tiltak og prosjekt som fremmar ei berekraftig utvikling innan fiskeri
  • Arbeide med å arrangere samlingar, nettverk og messer – både innan fiskeri og havbruk
  • Sakshandsame og rådgje, mellom anna i samband med tiltak som fylkeskommunen yter støtte til
  • Delta i marint internasjonalt arbeid og nettverk

Arbeidet inneber nær kontakt med andre medarbeidarar i fylkeskommunen, og mykje kontakt med mellom anna dei marine næringane, Innovasjon Norge og statlege styresmakter.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har kunnskap om dei relevante fagområda og høgare utdanning innan fagområda. Du har gjerne ei naturfagleg utdanning på masternivå, men ønsket om mastergrad kan fråvikast for kandidatar som har god og relevant praksis. Stillingstittel vert fastsett ut frå utdanning og erfaring.  

Det er ein fordel med: 

  • Erfaring frå forvaltnings- og/eller utviklingsarbeid
  • Erfaring med å legge til rette for næringsverksemd, og gjerne innan marin sektor

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Har gode samarbeidsevner og ein positiv innstilling
  • Har evne til å ta initiativ og ansvar
  • Kan arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Er utviklingsretta og løysingsorientert
  • Har gode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale
  • Fleksibel arbeidstid

Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.

Kontaktinformasjon

John Anton Gladsø, Fagkoordinator marint, 48225890, john.anton.gladso@vlfk.no
Endre Høgalmen, Seksjonsleiar naturressursar, landbruk og reiseliv, 95207789, endre.hogalmen@vlfk.no

Arbeidsstad

Askedalen 2
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4871358594
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 09.01.2025
Sluttdato: 09.01.2026
Søknadsfrist: 11.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver NPI – Naturressursar, landbruk og reiseliv, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside https://www.vestlandfylke.no/
Bransje Natur og miljø
Yrke Biologer, zoologer, botanikere
Sted LEIKANGER (Adresse: Askedalen 2 Postnr: 6863)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 09-01-2025
Søknadsfrist 11-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1321bc98-4185-4f88-8a31-c1d9193f3578
IMPORTAPI