Job Description
Published 14-01-2025
Deadline: 29-01-2025
Vikevåg skule treng grunnskulelærare
HAR DU LYST Å JOBBE PÅ EIN SKULE MED ENGASJERTE MEDARBEIDARAR OG HØGT FOKUS PÅ LÆRING OG TRIVSEL ?
Spennande jobb på ein av Stavanger sine utkantskular i naturnære, flotte omgjevnader på Rennesøy.
Vikevåg skule ligg i Vikevåg på Rennesøy, i Stavanger kommune. Skulen er ein 1.-7. skule med 235 elevar og eit personale på rundt 45 personar. På SFO er det ca. 70 barn.
Satsingsområda til skulen er:
Systematikk i begynneropplæringa med fokus på lesing.
Systematisk arbeid med trygt og godt skulemiljø. Skulen bruker programmet “Mitt val”.
Videreutvikle skule-heim samarbeidet.
Vi arbeider målretta for at skulen skal leve opp til visjonen: Godt å vera, mykje å læra!
Skulen har eigen skulehage i nærleiken, der elevane kan utfalde seg gjennom praktiske og varierte aktivitetar på tvers av fag. Her får elevane naturopplevingar og eit fagleg grunnlag knytta til naturressursar, biologisk mangfald og bærekraftig utvikling.
Vikevåg skule er ein praksisskule for lærarutdanninga på Universitet i Stavanger. Skulen har tre praksislærarar, som tar i mot studentar haust og vår.
Vi ønskjer deg velkommen til kjekke og inkluderande medarbeidarar i eit godt samarbeidsklima.
Vi har behov for 1-2 faste stillingar i 100% frå 01.08.25.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vil vere knytta til planleggjing og gjennomføring av undervisning i klassar for 1.-7. trinn.
Samarbeid med gode kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar.
Du vil jobbe i team som faglærar eller kontaktlærar.
Kartleggjing og oppfølgjing av elevane si sosiale og faglege utvikling.
Sørgje for eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
Sikre elevane likeverdig opplæring i samsvar med overordna mål.
Ta aktivt del i skulen sitt profesjonelle læringsfellesskap.
Kvalifikasjonar
Godkjend undervisningskompetanse for grunnskulen, fortrinnsvis 1.-7.trinn
Det er i tillegg ønskjeleg at du enten har mat & helse, musikk eller kunst & handverk i fagkretsen.
Kompetanse i spesialpedagogikk er ein fordel.
Dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkjarer med eit skandinavisk språk som morsmål.
Politiattest av nyere dato må leggjast fram før tiltreding.
Personlege eigenskapar
Du er ansvarsbevisst, engasjert og har gode samarbeidsevner.
Du skapar gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer.
Du er ein tydeleg klasseleiar, som ser viktigheita av å skape eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
Du er robust, fleksibel og løysingsorientert med stor arbeidskapasitet.
Du kan reflektere over eigen praksis.
Godt humør.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
Kjempekjekke elevar, eit godt arbeidsmiljø og eit svært inkluderande kollegium.
Ein fin skule med flotte inne – og uteområder.
Eigen skulehage i nærmiljøet som brukes heile året på alle klassetrinn.
Spennande utfordringar i ein variert arbeidsdag, der rausheit og fleksibilitet står sterkt.
Vi er praksisskule for Universitetet i Stavanger.
Ein skule med høg trivsel hos elevar og vaksne i eit godt arbeidsmiljø, der dei ansette samarbeidar tett om elevane si læring.
Rettleiing av nyutdanna lærarar .
Stillingskode og lønn etter ansiennitet og gjeldande tariffavtale som lærar, adjunkt eller lektor.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Vikevåg skule er ein nynorskskule.
Skulen ligg nær busstopp, kun 25 minutt frå Stavanger sentrum.
Lærarar med undervisningskompetanse på 1.-7.trinn er garantert fast tilsetting i Stavanger kommune.
Kontaktinformasjon
Marianne Kahrs, Rektor, 90553602, mkahrs@stavanger.kommune.no
Arbeidssted
Sørbøveien 6
4150 Stavanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Stavanger kommune
Referansenr.: 4906332055
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Stavanger kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stavanger kommune er, med sine 11 000 ansatte, en av regionens største arbeidsgivere. Vi mener inkludering og mangfold er en styrke. Vi er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mulig grad skal gjenspeile mangfoldet i samfunnet, og oppfordrer alle kvalifiserte til å søke, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Vi jobber for heltidskultur med mål om å ansette i hele stillinger. Som ansatt i Stavanger kommune får du utgjøre en forskjell for kommunen og innbyggerne og blir en del av en spennende storbyregion. Vi bygger fellesskap ved å være nære, åpne og nyskapende Offentlig søkerliste: Politiattest: Vedlegg: |
Webside | http://www.stavanger.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | RENNESØY (Adresse: Sørbøveien 6 Postnr: 4150) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 29-01-2025 |