Vikariat som reiselivskonsulent 100% stilling – Tokke kommune
Reiseliv og mat Reiseliv, hotell og overnatting(8 hours ago)
Job Description
Published 23-12-2024
Deadline: 01-01-2025
Vikariat som reiselivskonsulent 100% stilling
Vikariat som reiselivskonsulent 100% stilling
På grunn av at vår reiselivskonsulent skal ut i permisjon har Tokke kommune ledig stilling som reiselivskonsulent frå 1. februar 2025 og eitt år framover. Stillinga er lagt til avdeling for plan, næring og kultur.
Reiseliv er ei stor og viktig næring i Tokke. Me har store og viktige attraksjonar som Dalen Hotel, Telemarkskanalen, badstoga Soria Moria og Vest – Telemark Museum.
Me søkjer etter ein positiv og utadvent person med relevant høgare utdanning som ynskjer å vere med på å utvikle kommunen og reiselivsnæringa vidare.
Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga er:
- Marknadsføring og informasjonsarbeid
- Nært samarbeid med reiselivsverksemdene i kommunen
- Deltaking i lokale og regionale samarbeidsprosjekt innan reiseliv
- Drift av turistkontor, bubilanlegg med kiosk i sommarhalvåret
- Planlegging og tilrettelegging kring drift og marknadsføring av eigne attraksjonar, som badstoga Soria Moria, soveboks i Bandakslid, m.m.
- Budsjettansvar og økonomioppfylgjing, med rapportering til kommunalsjef
- Oppgåver i samarbeid med andre fagfelt for å fremje gode tenester og attraktivitet i Tokke
- Arbeid kring tilsetjing og oppfylgjing av turistvertar/guidar
Ynskjelege kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning innan reiseliv og/eller erfaring frå relevante fagfelt innan reiseliv, informasjonsarbeid og sal/marknadsføring
- God framstillingsevne i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg. Det er ein fordel om du kan fleire andre språk i tillegg
- Kompetanse innan IKT-arbeid med websider og sosiale medier
- Realkompetanse kan erstatte formalkompetanse
- Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
- Evne og vilje til å ta initiativ og utvikle gode tilbod og tenester
- Evne og vilje til å tilpasse seg nye situasjonar og metodar
- Evne til å arbeide strukturert og målretta
- Ha gode samarbeidsevne og gjennomføringskraft
- Vere påliteleg, blid og utadvent
- Evne til nytenking, og å vere pådrivar for nye forbetra løysingar innan digitalisering vil bli særskilt vektlagt
Kommunen tilbyr:
- Ein spennande og utadretta jobb i stor etat som samarbeider på tvers
- Variera og utfordrande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende
- Løn etter kvalifikasjonar
- Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår med pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Me i Tokke kommune er opptekne av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifiserte til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Me tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema via “søk på stilling” knappen på denne siden.
Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppmoding eller ved frammøte til intervju.
Nærare opplysningar får du ved å kontakte kommunalsjef Knut Erik Paulsen på tlf. 350 75 200.
Søknadsfrist: 1. januar 2025
DIVERSE INFO