Vikariat som lærar ved Vinjar skule – Suldal kommune Vinjar skule

Education Primary School

(2 days ago)

  • SULDALSOSEN
  •  Post Date: 30. September 2024
  •  Expire date: 13. October 2024
Job Description

Published 30-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Vikariat som lærar ved Vinjar skule

Me har ledig stilling som vikar for lærar ved Vinjar skule frå snarast.  

Vil du bli med på laget, me har ledig 50% vikariat på Vinjar skule.

Me er opptekne av å skapa eit trygt og godt skulemiljø der me legg til rette for læring og utvikling for alle. Skulen har moderne fasilitetar, og fint nærmiljø. Me har mellom anna gymsal og garderobar i eige bygg, gamingrom, spesialrom, sløyd. Me har eit godt skule-heim samarbeid. Kort avstand til idrett og friluftsaktivitetar (Prestavikjo og skog/fjell)
Me legg også opp til ein variert skulekvardag der me nyttar ressursar i nærmiljøet.

Om stillinga:

Me søkjer deg med fagleg kompetanse som vil væra med å utvikla eit godt skulemiljø i Suldalsskulane, der teamarbeid, klasseleiing, vurdering for læring og relasjonskompetanse står sentralt.

Lærarstudentar blir oppfordra til å søkja

Arbeidsoppgåver:

Me søkjer lærar med kompetanse for småtrinnet, der me vektlegg evne til å byggja relasjonar til elevar og kollegaer. Vinjar skule er oppteken av og fremja eit trygt og godt skulemiljø for alle. 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisninsgkompetanse for grunnskule, men søknad frå andre utan undervisningskompetanse kan verta vurdert.
  • Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
  • Du må vera fleksibel og positiv.
  • Hå pågangsmot og vera utviklingsorientert.
  • Suldalsskulane nyttar læringsbrett i undervisning og utviklingsarbeid.
  • Du må trivast saman med elevar og føresette.

 Personlege eigenskapar:

  • Vera positiv og ha god relasjonskompetanse
  • Gode kommunikasjonsevner 
  • Vera ein tydeleg og varm klasseleiar 
  • Vera fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
  • Ha god innsikt i lærarrolla og arbeida målretta
  • Ha vilje til fleksibilitet og vera utviklingsorientert

 Hjå oss i Suldal kommune får du:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
  • Bedriftshelseteneste
  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk
  • Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette

Andre opplysningar:

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist

Slik søkjer du:

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje. 
  • Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.

Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Suldal kommune Vinjar skule orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til Skattkammeret Suldal – Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.

Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.

Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.

Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.

Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.

Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.

Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Webside
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted SULDALSOSEN (Adresse: Suldalsvegen 1505 Postnr: 4237)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4628a6da-b3c4-41b7-b33c-fe2c225772f9
IMPORTAPI