Vikariat som juridisk utgreiar – Gulating lagmannsrett

Kontor og økonomi Juridisk arbeid

(1 day ago)

  • BERGEN
  •  Post Date: 24. November 2024
  •  Expire date: 10. December 2024
Job Description

Published 24-11-2024
Deadline: 10-12-2024

 

Vikariat som juridisk utgreiar

Om stillinga

Gulating lagmannsrett har ledig eit vikariat i 10 månader som juridisk utgreiar. Tiltreding etter nærare avtale.

Om Gulating lagmannsrett

Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann, og er for tida organisert i to rettsavdelingar, utgreiareining og administrasjonsavdeling med sekretariat og fellestenester.

Domstolen held til i eige moderne bygg i Bergen sentrum.

Utgreiareininga i Gulating lagmannsrett skal vera ei fagleg sterk, effektiv og dynamisk eining med stor vekt på eit godt arbeidsmiljø. Eininga har åtte utgreiarar, og vert leia av ein lagmann og ein nestleiar.

Arbeidsoppgåver

Utgreiarane arbeider hovudsakleg for lagmannsretten sitt ankeutval, og den viktigaste oppgåva er å skriva fullstendige utkast til rettslege avgjerder for dommarane i ankeutvalet. Utgreiarane driv med skriftleg førebuing og utgreiing av saker frå alle rettsområde. Både prosessuelle og materielle spørsmål vert utgreia. Arbeidet er variert og spanande, og gjev god innsikt i prosessretten og i ei rekkje andre juridiske fagfelt.

Kvalifikasjonskrav

Stillinga som utgreiar krev særs gode juridiske kvalifikasjonar, og embetseksamen/master i rettsvitskap med gode resultat. Arbeidet er utprega sjølvstendig, og krev ei strukturert arbeidsform. Det vert sett høge krav til å balansera omsynet til kvalitet med omsynet til effektivitet, og til at ein kan levera utkast til avgjerder av høg kvalitet raskt og innan fastsette fristar. Søkjarar må ha god skriftleg framstillingsevne og kunna begge målformer. 
Gode samarbeidsevner er særs viktig. Det vert lagt vekt på dommarfullmektigpraksis, erfaring frå liknande utgreiingsarbeid eller tilsvarande, men også dei utan slik erfaring og nyutdanna er velkomne til å søkja. 

Kva tilbyr vi

Forutan ein variert arbeidskvardag og eit viktig samfunnsoppdrag, kan vi tilby deg følgjande i denne stillinga: 

  • God opplæring og gode interne system for oppfølging, systematisk kunnskapsdeling og bygging av erfaring og kompetanse. Høve til fagleg fordjuping med stort fokus på kvalitet. 
  • Sjølvstendig arbeid i tett og inspirerande samarbeid med dyktige utgreiarar, lagdommarar og andre tilsette. God kunnskap om arbeidet i ein lagmannsrett og innsikt i domstolssystemet elles. 
  • Godt arbeidsmiljø. 
  • Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og høve til trening i arbeidstida. 

Stillinga som utgreiar vert løna som rådgjevar, stillingskode 1434, eller seniorrådgjevar, stillingskode 1364, avhengig av kvalifikasjonar. Frå løna vert det trekt to prosent innskot til Statens pensjonskasse. 

Praksis som utgreiar er godkjent som praksis ved søknad om advokatløyve. 

Generelle avgjerder

Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegla folkesamansetnaden generelt òg når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. 

Vi utarbeider offentleg søkjarliste og viser til offentleglova § 25, andre ledd, for moglegheita til å gjera unntak. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli gjorde offentlege, sjølv om søkjar har bede om konfidensiell handsaming.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Gulating lagmannsrett orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Guri Elisabeth Molven, lagmann 

Telefon: 55 69 39 37 

E-post: guri.elisabeth.molven@domstol.no 

Kamilla Hessevik Paulsen, utgreiar

Telefon: 55 69 39 64

E-post: kamilla.hessevik.paulsen@domstol.no

Webside https://www.domstol.no/gulating
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Juridisk arbeid
Sted BERGEN (Adresse: Gulatings plass 1 Postnr: 5012)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 10-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/2160f8e3-0d67-4f93-8b4c-8262022dc40b
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/271296