Job Description

Published 18-03-2025
Deadline: 10-04-2025

Vikariat som fagleiar i habiliteringstenesta 

Vår fagleiar skal ut i foreldrepermisjon og vi søkjer derfor vikar på 100% som fagleiar i habiliteringstenesta i Åseral kommune. Stillinga er organisert under helse og velferd, og einingsleiar vil vere næraste leiar. Det er mogeleg å søkje på deler av stillinga.

Fagleiar vil ha ansvar for brukarane i tenesta, deira pårørande og tilsette i tenesta. Brukarane i habiliteringstenesta har aukande behov, så det ligg utvikling av tenesta til stillinga, i tillegg til ansvar som barnekoordinator. 

Det er tett samarbeid med ulike kommunale tenester inkludert skule og arbeidsliv. Team rundt brukarane kan arbeide på tvers av einingane.

Vi ønsker medarbeidarar som er motiverte til å gjere ein god innsats for denne brukergruppa.
Det er kommunale bustader med fellesareal i sentrum av Åseral. Gode muligheter i nærområde til å utfordre seg med varierte aktiviteter. Habilitering har ein bil til disposisjon, og Frivilligbussen er også mulig å låne.

 Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte brukar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, og meistring vert tillagt stor vekt. 
 Vi vil vere ein attraktiv arbeidsplass med engasjerte og myndiggjorte medarbeidarar.
 Vi har et godt samarbeid på tvers av einingane. Dette gjev gode muligheter for personleg og fagleg utvikling, samt sikrer god fagleg kvalitet i eininga.

Arbeidsoppgaver

  • Arbeidet vil i stor grad innebere koordinering av tenester, og oppfølging av brukarar, pårørande og tilsette rundt unge brukarar.
  • Tilsette i skule og helse arbeider saman for å skape ein kvardag med god struktur og trygge rammer for den enkelte brukar, på skule, i arbeid og i bustad.   
  • Kvalitetsarbeid, fagutvikling og veiledning.
  • Samarbeid med pårørende.
  • Utarbeiding av tiltak, prosedyrer og planer, og oppfølging av dette.
  • Arbeidsplan vert sett opp i samarbeid med leiar og tillitsvald.
  • Arbeid ei helg i månaden kan bli aktuelt.

Kvalifikasjoner

Vernepleiar eller anna relevant helsefagleg høgskuleutdanning.

Pedagogisk tilnærming med fokus på meistring, læring, sosial trening og
ADL trening. 
Erfaring med autismespekteret og psykiske utfordringar er ein fordel.

Førarkort klasse B
Gyldig politiattest (ikkje eldre enn 3 månadar)
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

Personlige egenskaper

Ansvarsbevisst
Reflektert
Fagleg engasjert     
Høg grad av fleksibilitet 
Gode kommunikasjons- og samarbeidferdigheter
God skriftleg og munnleg framstillingsevne i tillegg til gode ikt-kunnskaper           
Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personleg eigenskap til stillinga vil bli lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

Lønn etter lov og avtaleverk, med garantert minsteløn på kr 569.000,- uavhengig av ansiennitet.
Gode moglegheiter for kompetanseheving
Gode permisjons- og pensjonsvilkår
Varierte og meiningsfylte oppgåver i samarbeid med hyggjelege og kompetente medarbeidar.

Vi kan hjelpe til å finne bustad
Barnehageplass
Gratis SFO
Ønskjer du å arbeide i eit godt arbeids – og fagmiljø, med mange spanande arbeidsoppgåver håpar me du søkjer jobb hos oss.
https://xn--flytttilseral-wfb.no/  

Kontaktinformasjon

Laila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd, 41322847

Arbeidssted

Bordalsbakken 10
4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune

Referansenr.: 4940871946
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 10.04.2025

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Åseral kommune orgnr: 988431389
Kort om arbeidsgiver Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Minne kultursenter i Kyrkjebygd romar faste og skiftande utstillingar, bygdemuseum, turistkontor og kafé.
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. 
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Webside http://www.aseral.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted ÅSERAL (Adresse: Bordalsbakken 10 Postnr: 4540)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-08-2025
Søknadsfrist 10-04-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/84b65cc5-c219-4736-8964-c37b831e1c75
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31