Vikariat som fagleiar for Skjerma avdeling, Bø sjukeheim. – Bø sjukeheim Løvlund, Midt-Telemark kommune
Kontor og økonomi Ledelse, administrasjon og rådgivning(4 days ago)
Job Description
Published 24-03-2025
Deadline: 07-04-2025
Vikariat som fagleiar for Skjerma avdeling, Bø sjukeheim.
Bø sjukeheim, avd. Løvlund er ei avdeling for mennesker med diagnosen demens.
Som fagleiar hos oss vil du få delegert eit breit spekter av arbeidsoppgåver og ansvar og du vil ha eit tett samarbeid med avdelingsleiar. Vi treng deg som er effektiv, god på samarbeid og du må vere interessert i utviklingsarbeid med fokus på kvalitet for pasientane.
Tverrfagleg samarbeid er ein viktig del av arbeidet ved Bø sjukeheim. Vi kan tilby ein arbeidsplass som er fagleg urfordrande, kor vi setter fagkompetanse, pasientsikkerhet og kvalitetsutvikling i fokus. Høyrest det fristande ut, er du hjarteleg velkommen som arbeidssøkar hos oss.
Som fagleiar vil du arbeide på dagtid og arbeidstida vil vere frå kl 07.30 – 15.00. Vikariatet er ledig frå d.d, oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Som fagleiar vil du ha ansvar for:
- Turnusplanlegging og dagleg drift
- Fagutvikling og sertifisering
- Medisinsk teknisk utstyr og helseteknologi
- Opplæring/veiledning av (ny)tilsette
- Journalansvarleg
- Rutinar: rekvidere og legge inn i Compilo
- Lærlingar, praksiselevar og studentar
- Diverse merkantile oppgåver
- Stedsfortrederansvar for avdelingsleiar
- Koordinering av rulleringspasientar
- Samarbeid med frivilligheit
- Inkludering og samarbeid med pårørande
- Oversikt i EPJ-system og profil
- Avvikshandtering i profil EPJ
- Inn- og utskrivingsprosessar, i samarbeid med sjukepleiarar/vernepleiarar og tenestekontoret
- Andre oppgåver må påregnast
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sykepleiar
Ønska kompetanse
- Leiarerfaring eller motivasjon til å vere leiar
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Erfaring med turnusplanlegging er en fordel
- Gjerne kjennskap til Profil EPJ, Visma ressursstyring, Compilo
Særskilde krav
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskapar
- Effektiv
- Er sjølvstendig og evner å ta avgjersler
- God relasjonskompetanse og evne til å skape lagånd og godt samarbeid
- Gode kommunikasjonsferdigheter
- Fleksibel og omstillingsdyktig
- Løysningsorientert, taklar stress godt
- Interesse for sjukdomen demens
- Omstillingsdyktig, blid og positiv
Personlege egenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Kontaktinformasjon
Leslie Katrien Vicky Van Der Voorde, Avdelingsleiar, +47 48126707
Arbeidssted
Gamleveg 43
3802 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 4943266847
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.05.2025
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 07.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Bø sjukeheim Løvlund, Midt-Telemark kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa. Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet. |
Webside | https://midt-telemark.kommune.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Ledelse, administrasjon og rådgivning |
Sted | BØ I TELEMARK (Adresse: Gamleveg 43 Postnr: 3802) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-05-2025 |
Søknadsfrist | 07-04-2025 |