Vikariat som avdelingsleiar – Solbakken omsorgsbolig

Sales, retail and retail trade Personal service

(11 hours ago)

  • BØ I TELEMARK
  •  Post Date: 30. September 2024
  •  Expire date: 14. October 2024
Job Description

Published 30-09-2024
Deadline: 14-10-2024

 

Vikariat som avdelingsleiar

Vår avd.l skal ut i permisjon.  Vi har derfor behov for ein vikarierande leiar fra 17.02.25.-31.12.25.

Solbakken har behov for ein leiar som er glad i å jobbe med folk, legge til rette for gode dager både for brukarar og tilsette. Trivsel og tilhørighet er viktig, og skapas mellom anna gjennom fagleg fokus, omsorg, god struktur og leiing. Vi legg vekt på tillitsbasert leiing, godt samarbeid og tett oppfølging.

Som leiar av Solbakken vil du ha mange og varierte oppgaver, derfor legg vi opp til eit tett samarbeid i eit leiarteam.

Solbakken bo og avlastning er eit døgntilbod med mange ulike tjenestetilbod. Det er fem bebuarar i bufellesskapet, pluss ein enkeltbolig,  i tillegg gjev vi tenester ut i eigne heimar. Det er og eit avlastningtilbod knytt til tenesta.  Totalt sett gir vi tenester til barn og bebuarar frå 5-60 år.

Vi har store fine lokale.

Det er ein spanande og utfordrande arbeidsstad, med mange og varierte faglege utfordringar. Vi har eit godt tverrfaglig samarbeid, både med spesialisthelsetenesta og oppvekstsektoren. Solbakken gir tenestar av god kvalitet til tenestemottakarane og det er mange engasjerte medarbeidarar.
Tenesta er i stadig utvikling, og leiar er sentral i å utvikle tenesta, motivere og engasjere til nytenking.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og organisere dagleg drift, arbeidstidsplanlegging i Notus
  • Dagleg oppfølging av tilsette
  • Fagleg oppfølging av tenesta
  • Medikament/avvikshandsaming
  • Medarbeidersamtalar
  • Pårørande- og brukerkontakt
  • Samarbeid med spesialisthelsetenesta
  • Administrative oppgaver
  • Økonomi- og personalansvar

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Høgskule eller universitetsutdanning innann helse og sosiaialfag. Fortrinnsvis vernepleiar.

Ønska kompetanse

  • Søkjar bør ha leiarkompetanse, i form av leiarutdanning og/eller erfaring.
  • Bør ha erfaring og/eller fagkunnskap innan fagfeltet utviklingshemming/målretta miljøarbeid.

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • Stødig og tydelege leiareigenskaper
  • Ryddig/strukturert
  • Positiv
  • Stabil
  • Samarbeidsvillig og lydhør

Personleg eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Engasjerte medarbeidere
  • Godt samarbeid i eininga si avdelingsleiar gruppe
  • Tett oppfølging av einingsleiar
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastast opp under vedlegg til søknaden i Webcruiter..

Kontaktinformasjon

Torunn Hesthag, Einingsleiar, +47 45438072

Arbeidsstad

Gamleveg 112
3802 Bø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 4865016192
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 17.02.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 14.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Solbakken omsorgsbolig orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Webside https://midt-telemark.kommune.no/
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted BØ I TELEMARK (Adresse: Gamleveg 112 Postnr: 3802)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse 17-02-2025
Søknadsfrist 14-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1fb864a6-c6b8-493b-9081-da03ccb011af
IMPORTAPI