Vikar i driftstilskot fysioterapi – Samnanger kommune
Health and social care Fysioterapeut(2 weeks ago)
Job Description
Published 27-10-2024
Deadline: 17-11-2024
Vikar i driftstilskot fysioterapi
Om stillinga
Samnanger kommune har ledig vikariat i 100 % avtaleheimel ved Samnanger Fysikalske Institutt i perioden 01.01.25 – 31.12.26. Det er ein solopraksis. Instituttet er samlokalisert på Samnanger helsetun saman med legetenesta, helsestasjon, jordmor, psykolog og ergo- og fysioterapitenesta. Samnanger kommune ligger ca 40 min køfri køyring frå Bergen.
Instituttet disponerer eit behandlingsrom og godt utstyr treningssal med mykje nytt utstyr. Pasientlista er variert og representerer eit breitt spekter av diagnosar. Pasienttilgangen til instituttet er god.
Praksisen skal drivast i henhold til lov om kommunale helse- og omsorgstenester, anna relevant helse lovgiving og på dei vilkår som kjem fram av ASA 4313 slik den til ei kvar tid lyder.
Arbeidsoppgåver
- Allmenn fysioterapi til pasienter med mellom anna hjerte-/karsykdommer, nevrologiske, ortopediske og revmatologiske problemstillingar
- Undersøking, vurdering og behandling av pasientar ved instituttet
- Individuell og gruppebehandling
- Bidra aktivt til utvikling av fysioterapitenesta i kommunen
- Være proaktiv i å ta i bruk ny kunnskap i behandlinga
- Samarbeid med andre delar av den kommunale helsetenesta, samt spesialisthelsetjenesta
Kvalifikasjonar
Krav
- Offentleg godkjent fysioterapeut med norsk autorisasjon
- Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
- Brei erfaring og kompetanse innan allmenn fysioterapi, herunder kompetanse til å jobba med ei brei og varierande pasientgruppe med tanke på alder, diagnosar og funksjonsnivå.
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Fagleg oppdatert, og kan visa til kontinuerleg aktivitet innan faglegutvikling
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Ønskjer
- Kunnskap om og erfaring frå sjølvstendig næringsdrift, elektronisk kommunikasjon og dokumentasjonsverktøy.
Personlege eigenskapar
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med pasientar og samarbeidspartar
- Likar å jobba sjølvstendig
- Har interesse for fagleg utvikling, både personleg og for å utvide instituttet og kommunen sitt behandlingstilbod
- Ønskjer å jobba med ei aktiv tilnærming og kan leggja opp individuelt tilpassa behandlingsforløp
- Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Vikariat i 100 % driftsavtale som fysioterapeut tilknytta Samnanger Fysikalske Institutt
- Godt samarbeid med Samnanger kommune
- Tilgang til treningssal og behandlingsrom på Samnanger helsetun
- Tildelinga av driftsheimel vil vera på dei til ein kvartid gjeldande reglar i ASA 4313
- Praksisen skal drivast etter lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, ASA 4313 og kommunens planverk for helsetenester
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Om oss
Helseeininga består av følgande underavdelingar: kommunal fysioterapeut og ergoterapeut, kommunepsykolog, jordmor, helsesjukepleiarteneste inkl. helsestasjon for ungdom, kommuneoverlege og legekontor. Legekontoret har 4 fastlegar, 1 sjukepleiar og 2 helsesekretærar. Fastlegane har bistilling som sjukeheimslege og helsestasjonslege. På helsetunet har me også eit privat fysikalsk institutt. Alle avdelingar er lokaliserte på helsetunet. Helseavdelinga driv eit utstrekt arbeid innafor kurativt og førebyggande arbeid både når det gjeld somatisk og psykisk helsearbeid.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Samnanger kommune orgnr: 987618523 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv. |
Webside | https://www.samnanger.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Fysioterapeut |
Sted | TYSSE (Adresse: Tyssevegen 108 Postnr: 5650) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 17-11-2024 |