Job Description

Published 19-12-2024
Deadline: 06-01-2025

 

Vikar Heiane (Stord) og Sveio miljøsentral

SIM er ei viktig brikke i det grøne skiftet og me har behov for fleire vikarar som kan stille på kort varsel og trø til ved behov. Har du ledig tid og likar service-yrket, orden og logistikk, så kan dette vera ein jobb for deg.

Arbeidsoppgåver:

  • kunderettleiing på miljøsentralen

  • logistikkoppgåver

  • halde miljøsentralen ryddig og i orden

  • ta imot betaling

  • ulike oppgåver etter behov

  • vakter etter behov

Du må:

  • vera sjølvstendig

  • trivast i møte med kundar i eit hektisk arbeidsmiljø

  • ha stå- på- vilje og godt humør

  • lika å halda god orden

  • vera over 18 år

  • vera villig til å ta kurs og opplæring etter behov

Nærare opplysningar får du hjå Ole Johannes Støle, tlf: 91 39 76 70.

Send søknad til:

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS, Meatjønnsvegen 43, 5412 Stord,
eller e-post: sim@sim.as.

Merk søknaden: <>.

Søknadsfrist: Måndag 6. januar 2025

Me gjer merksam på at søkjer kan bli ført opp på offentleg søkjarliste, sjølv om ein har bedt om anonymitet, men dette vil du bli varsla om.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) orgnr: 913090713
Kort om arbeidsgiver

Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS (SIM) driv avfallshandsaming for kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. SIM driv sju miljøsentralar, komposteringsanlegg, omlastehall og deponi. Hovudkontoret ligg på Heiane, Stord kommune. Selskapet har 33 tilsette. Årsomsetninga er om lag 100 millionar kroner.

Webside https://sim.as
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 06-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/28566942-1802-4f0e-aaa0-d2ccdb504009
Stillingsregistrering