Job Description

Published 07-01-2025
Deadline: 26-01-2025

 

Vi treng fleire tilkallingsvikarar i Miljøterapitenesta – Vågå kommune

Til Miljøterapitenesta søkjer vi nå deg som ønskjer å gjera ein forskjell for våre brukarar. Har du dei rette personlege eigenskapane og motivasjonen ønskjer vi ein søknad frå deg! Ingen krav til formell utdanning.

Vi trenger tilkallingsvikarar til dei fleste oppgåver og vakter; dag, kveld og natt. Sjølvstendige oppgåver og vakter i team med 2 til 1 bemanning.

Ønskje om snarleg oppstart.

Arbeidet går i turnus med arbeidstid på dagtid, kveld eller natt, i vekedagar og på helg. Vaktlengde varierar etter behov, men er fortrinnsvis 7,5 eller 12,5 timar lange.

Kvalifikasjonar

· Autorisasjon som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidar er ønskjeleg, men ikkje eit krav.

· Erfaring frå arbeid innan miljøterapi/bufellesskap, gjerna retta mot psykisk utviklingshemming,, er ønskjeleg men ikkje eit krav

· Må beherske norsk skriftleg og munnleg (tilsvarande minimum nivå B1)

· Førarkort for bil, klasse B- manuell

· Gjennomgått kurs i medisinhandtering er ein fordel

· God fagleg innsikt og tryggheit er ein fordel

· Det vert kravd politiattest ved tilsetjing

Eigenskapar

· Evne til å vise og gje omsorg

· Gode mellommenneskelege eigenskapar

· Gode kommunikasjonsevner, verbal og ikkje-verbal

· Evne til å arbeide brukar-/pasientretta med høg kvalitet og integritet

· Evne til samarbeid og skapa eit godt arbeidsmiljø

· Strukturert og sjølvstendig

· Kreativ, nytenkande og fleksibel

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

· Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling

· Arbeid i tverrfagleg team

· Kompetanseheving

· Eit godt fagmiljø og gode kollegaer

· Det blir gitt opplæring i konflikthandsaming.

Søknadsfrist: 26.01.2025

Ved spørsmål, ta kontakt med avdelingsleiar Tone Ødegård, tlf. 41500443

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vågå Kommune Bufellesskap orgnr: 987977159
Kort om arbeidsgiver

I Miljøterapitenesta arbeider vi for mennesker med psykisk og fysisk utviklingshemming. Vi arbeider med målretta miljøarbeid for at dei skal oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Vi skal ha eit høgt fagleg fokus, og arbeide for å gjera kvarandre gode. Dette er dei viktigaste verkemidla vi har for å sikre ei langsiktig, fagleg og god teneste for tenestemottakarane våre. Konkrete oppgåver er miljøarbeid, praktisk bistand, aktivisering og rettleiing.

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted VÅGÅ (Adresse: Postnr: 2680)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 5
Sektor Offentlig
Krav Norskkunnskaper
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d84c011e-a60c-4852-a5d2-4de75e98d904
Stillingsregistrering