Vi treng Anleggsmaskinførar – Dumper – Volda Maskin AS
Construction Maskin- og kranfører(3 weeks ago)
Job Description
Published 04-11-2024
Deadline: Snarest
Vi treng Anleggsmaskinførar – Dumper
Vi søkjer etter ein dyktig dumpersjåfør med erfaring frå anleggsbransjen. Du må kunne arbeide sjølvstendig, men også ha evne til å arbeide og kommunisere godt med andre. Du må vere rutinert og lærevillig, for å oppfylle stadig strengare krav til dokumentasjon på utført arbeid. Vi ser etter deg som har auge for gode løysningar og som arbeider strukturert og effektivt, samt har høgt fokus på HMS og kvalitet.
Dine kvalifikasjonar:
-
Fleksibel i forhold til arbeidsplass og arbeidstid. Behovet per i dag er på anlegg i Ålesund, der det vert lagt opp til arbeidstidsordning og innkvartering på boligrigg.
-
Fagbrev innanfor relevant fagområde. Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt og kan erstatte formell kompetanse.
-
Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.
-
Maskinførarbevis M6 er krav, gjerne også M2 og M4.
-
Arbeidsvarsling 1.
-
Førarkort klasse B og BE.
Vi kan tilby:
-
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.
-
Moglegheit for fagleg utvikling.
-
Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
-
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Volda Maskin AS orgnr: 972178551 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Volda Maskin AS har sidan starten av 1990 bygd opp ei solid og allsidig bedrift med stort fokus på kompetanse, kvalitet og samarbeid. Vi har sentral godkjenning, er ISO-sertifisert og godkjent lærebedrift innan fleire fagområde. Med 73 tilsette og ein moderne maskinpark er vi godt rusta til å ta på oss alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Vi har hovudkontor i Volda, og våre prosjekt ligg hovudsakleg i Møre og Romsdal og Vestland fylke. |
Webside | https://www.voldamaskin.no |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Maskin- og kranfører |
Sted | VOLDA (Adresse: Furene 42 Postnr: 6105) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | Snarest |