Job Description
Published 03-10-2024
Deadline: 18-10-2024
Vi søkjer personvernombud
Helse Fonna HF har ledig 50 % stilling som personvernombod.
Personvernombodet i føretaket har ei svært viktig rolle i å bidra til at all behandling av personopplysingar skjer i samsvar med lov- og regelverk. Personvernombodet har ei uavhengig rolle som rådgjevar til føretaksleiinga i saker som omhandlar personvern og personopplysingar. Slike opplysingar er i hovudsak knytt til pasientar, men også tilsette i føretaket.
Stillinga er organisert i Fag og forsking med fagdirektør som næraste leiar, men vil ha oppgåver knytt til heile føretaket. Stillinga er lokalisert i Haugesund.
Arbeidsoppgåver
- Bidra i vidareutvikling og styrking av arbeidet med personvern i Helse Fonna
- Informera om og gi råd til leiinga og dei tilsette om korleis verksemda best mogeleg kan ivareta personvernet
- Kontrollera at personvernreglane vert overhaldne
- Vera kontaktpunkt for tilsynsmyndigheitene ved spørsmål som gjeld personvern
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule eller universitet
- Erfaring og grundig kjennskap til personvern og helserett
- God skriftleg- og munnleg framstillingsevne på både nynorsk og bokmål
- Det er ønskjeleg med erfaring frå offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- har gode samarbeidsevner
- er strukturert
- jobbar sjølvstendig
- er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Medlemskap i offentleg pensjonsordning
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du fullført utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Aud Gunn Løklingholm, Administrasjonssjef
Andreas Andreassen, Fagdirektør, +47 46933044
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4868477457
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Fag og forsking, Helse Fonna HF orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
|
Webside | |
Bransje | IT |
Yrke | Utvikling |
Sted | HAUGESUND (Adresse: Karmsundgata 120 Postnr: 5528) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 18-10-2024 |