Job Description

Published 19-09-2024
Deadline: 07-10-2024

 

Vi søkjer juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar til Juridisk og internasjonal avdeling

Juridisk og internasjonal avdeling (JI) har ansvaret for koordinering av juridiske og internasjonale saker på tvers av fagområda i Patentstyret. Dette er til dømes saker på overordna, prinsipielt nivå og avklaringar med departementa. Avdelinga skal hjelpe Patentstyret, departementa og andre statlege aktørar (verkemiddelapparatet) med særskild juridisk spisskompetanse[KG1]  innanfor immaterialretten. Mykje av arbeidet dreier seg om å vareta Noregs rolle i internasjonale organisasjonar innanfor industrielt rettsvern. Vi arbeider også med lov- og forskriftsarbeid innanfor patent-, varemerke- og designområdet for Justisdepartementet, som er lovansvarleg for desse rettsområda. JI er juridisk ressurs i Patentstyret på andre rettsområde som personvern, offentlege innkjøp og arbeidsrett. Vi er fem medarbeidarar, og er organisatorisk plasserte under direktøren.

Kva for arbeidsoppgåver vil du få?

  • arbeide med regelverk og utgreiing av juridiske spørsmål innanfor patent-, varemerke- og designområdet
  • gi juridisk hjelp til fagavdelingane i Patentstyret innanfor blant anna immaterialrett, forvaltningsrett, kontraktsrett og arbeidsrett
  • gi juridisk hjelp og råd til ulike departement i nasjonale og internasjonale spørsmål om immaterielle rettar
  • bidra i internasjonalt arbeid innanfor patent-, varemerke- og designområdet

Kva for kvalifikasjonar har du?

  • juridisk embetseksamen eller mastergrad i rettsvitskap med særskild kompetanse innan immaterialretten/industrielle rettar
  • ønskjeleg med minimum fem års relevant arbeidserfaring
  • erfaring frå regelverksarbeid i offentleg forvalting er ein fordel
  • gode norsk- og engelskkunnskapar (skriftleg og munnleg)

Kven er du som person?

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, og vi søkjer ein person som:

  • klarer å prioritere riktig
  • er flink til å samarbeide
  • er sjølvstendig
  • har god formidlingsevne (tekstar og føredrag)
  • har politisk forståing

Kva kan vi tilby?

  • ein variert og fleksibel arbeidskvardag der du i stor grad kan påverke og ta ansvar
  • rom for fagleg og personleg vekst i eit sterkt kompetansemiljø
  • eit godt og sosialt arbeidsmiljø som verdset mangfald
  • fleksibel arbeidstidsordning, sommartid og moglegheit for heimekontor
  • god pensjonsordning med moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar som trening i arbeidstida, eige treningsrom og kantine med rimeleg lunsj

Vi kunngjer stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar i lønnsspenn frå kr 700 000 til kr 850 000 per år, avhengig av erfaring og kompetanse. Vi vil vurdere høgare løn for særleg kvalifiserte søkjarar.
 
 Generell informasjon:
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte til å søkje – uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell legning eller hol i CV-en.
 
Dersom vi mottek søknader frå kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må du oppfylle nokre krav. Les meir om desse krava på Arbeidsgiverportalen.

Vi legg arbeidsforholda til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn.

Denne informasjonen dannar grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer om i årsrapportane sine.

Kontaktinformasjon

Jostein Sandvik, Avdelingsdirektør, +47 22 38 74 09

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Patentstyret

Referansenr.: 4862971975
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Patentstyret orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Patentstyret er eit nasjonalt kompetansesenter som skal medverke til nyskaping og merkevarebygging gjennom bruk av industrielle rettar. Vi gjev nasjonale og internasjonale søkarar vern av oppfinningar, varemerke og design. Vi tilbyr også ulike informasjonstenester til kundane våre, som forundersøkingar, overvaking av konkurrentar, samt kurs og opplæring.  Vi har 260 tilsette fordelte på ulike fagfelt, og kundane våre kan vere frittståande idéskaparar eller frå næringslivet og institusjonar innan forsking og utdanning.

Webside https://www.patentstyret.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Juridisk arbeid
Sted OSLO (Adresse: Innspurten 11C Postnr: 0663)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 07-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ff00194e-2552-4b11-a1ef-b7b4ed9212fe
IMPORTAPI