Vi søkjer etter ein ny kollega som likar jobbe med økonomi. Håpar vi ser deg på søkjarlista! – Askvoll kommune v/Økonomiavdelinga
Kontor og økonomi Economy, Statistics and accounting(2 days ago)
Job Description
Published 17-12-2024
Deadline: 12-01-2025
Vi søkjer etter ein ny kollega som likar jobbe med økonomi. Håpar vi ser deg på søkjarlista!
Ved økonomiavdelinga i Askvoll kommune har vi ledig 100 % stilling som økonomikonsulent. Oppstart etter avtale.
Økonomiavdelinga er organisert under sentraladministrasjonen og består av økonomisjef og to økonomikonsulentar. Økonomiavdelinga er ansvarleg for utarbeiding av økonomiplan, årsbudsjett, rekneskap og økonomiske analyser til bruk i politiske vedtak.
Som økonomikonsulent jobbar du tett opp mot kommunalsjefar og leiarane i kommunen
Avdelinga nyttar Visma enterprise som lønns- og rekneskapssystem og Framsikt til budsjett og rapportering.
Arbeidsoppgåver:
- Fakturering
- Innfordring
- Avstemming og årsavslutning
- Bistå i budsjett-, analyse- og rapporteringsarbeid
- Opplæring av interne brukarar i økonomisystem
- Anna rekneskapsarbeid som bokføring, remittering, fakturabehandling m.m
- Andre oppgåver kan verte tillagt stillinga
Kvalifikasjonar:
- Relevant økonomiutdanning. Lang relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar:
- Det er krav om gode norsk skriftleg og muntleg framstillingsevne, samt gode kommunikative ferdigheiter.
- Vidare legg vi vekt på ei løysningsorientert innstilling, evne til initiativ samt evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Har gode samarbeids- og gjennomsføringsevner, og er strukturert.
- Har evne til å takle ein hektisk arbeidskvardag med fristar
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- Sjølvstendig og utfordrande arbeid i eit uformelt arbeidsmiljø
- Tett samarbeid med økonomisjef
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, og lønspolitisk plan
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO