Vi søkjer en kommunikasjonsrådgjevar som skal jobbe med video og innhaldsproduksjon. – Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Kultur og kreative yrker Journalistikk, kommunikasjon og litteratur(1 day ago)
Job Description
Published 16-12-2024
Deadline: 03-01-2025
Vi søkjer en kommunikasjonsrådgjevar som skal jobbe med video og innhaldsproduksjon.
Om stillinga og avdelinga
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) søkjer en kommunikasjonsrådgjevar som skal jobbe spesielt med videoproduksjon til dei eksterne kanalane våre. Kommunikasjonsrådgjevaren skal utvikle og produsere visuelt innhald som engasjerar, formidlar og informerer om HK-dirs ulike tenester og verkemiddel. Stillinga vil innebere planleggjing og å jobbe strategisk med innhald frå idé til gjennomføring. Rådgjevaren får ei sentral rolle i produksjon av innhald til sosiale medium, nyheitsbrev og nettsider.
HK-dir ser etter ein dyktig og kreativ kommunikasjonsrådgjevar med hovudoppgåver innan video og bilete. Stillinga er ein del av stab for kommunikasjon. Staben har medarbeidarar i både Oslo og Bergen, og denne stillinga har kontorstad i Oslo. Ansvar for ekstern og intern kommunikasjon i HK-dir ligg hos staben, som blir leidd av en kommunikasjonsdirektør.
Arbeidsoppgåver
- utvikle konsept, manus og innhald
- planleggje og gjennomføre filmopptak
- gjere strategiske vurderingar og langsiktig planlegging av innhald
- fagleg rådgjeving klippe og redigere video
- tilpasse innhald til ulike eksterne kanalar som sosiale medium og nettsider
- ta bilete – og redigere dei
- intern opplæring
- eventuelle andre oppgåver knytt til stab for kommunikasjon
Kva kvalifikasjonar treng vi?
Du må ha:
- høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne mastergrad innanfor relevant fagområde
- relevant arbeidserfaring innan planlegging, produksjon og presentasjon av video, foto og manus
- gode samarbeidsevner
- arbeide sjølvstendig og effektivt på tvers av fag og organisasjon
- klare å kommunisere komplekst fagstoff på ein kreativ og lettfatteleg måte gjennom video
Det er i tillegg ein fordel med:
- erfaring frå offentleg sektor
- erfaring frå å jobbe med utdanningsfeltet eller andre delar av mandatet til direktorata
- erfaring med bruk av drone
Hos oss får du:
- eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø
- høve til fagleg utvikling
- høve til trening i arbeidstida, med inntil to timar i veka
- høve for mobiltelefonordning
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Godt tilrettelagde lokale i Oslo sentrum
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og låneordningar
Lønsvilkår
- Lønsplassering etter kompetanse
- stillingskode som rådgjevar i fast stilling med en årsløn mellom kroner 560 000 og 660 000
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med trekk på to prosent til lovfesta pensjonsinnskot
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CV
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse orgnr: 886339542 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar. Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft. Les meir om HK-dir her www.hkdir.no Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.
|
Webside | https://www.hkdir.no |
Bransje | Kultur og kreative yrker |
Yrke | Journalistikk, kommunikasjon og litteratur |
Sted | OSLO (Adresse: Karl Johans gate 7 Postnr: 0154) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 03-01-2025 |