Job Description

Published 17-09-2024
Deadline: 03-10-2024

 

Vi søkjer deg med høgskuleutdanning innan helse- eller pedagogisk utdanning

Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Hellemyra Bufellesskap, har frå november ledig 100% fast stilling som miljøterapeut.

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, ambulante tenester, 2 dagsenter og avlastningssenter for barn.

Hellemyra Bufellesskap er eit bufelleskap med 5 vaksne (hovedsak over 18 år) tenestemottakarar med ulike bistandsbehov.
I tillegg har bufellskapet ansvaret for oppfølging av heimebuande tenestemottakarar. 

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. “Kva er viktig for deg”, skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.

Stillinga er i ordinær turnus med arbeid 4 kvar helg, m/langvakter på helg. 

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg med høgskule utdanning innan helse eller pedagogisk utdanning. Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med personar med nedsett funskjonshemming, og gjerne frå arbeid med personar med multifunksjonshemming.
Søkjarar med autorisasjon som helsefagarbeidar med særleg relevant erfaring kan og verta aktuelt.

Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Utlands utdanning må vere godkjend av Direkotratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Vi tilbyr 
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester orgnr: 973958100
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted OS (Adresse: Rådhuset, Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/964c3832-d285-4ee3-a4b5-afccee6ead36
IMPORTAPI