Vi søker reinhaldar/assistent til operasjonseininga! – Operasjonsenhet Stord sjukehus
Sales, retail and retail trade Renholdere og renovasjon(3 days ago)
Job Description
Published 16-03-2025
Deadline: 27-03-2025
Vi søker reinhaldar/assistent til operasjonseininga!
Vil du ha ein viktig jobb i eit godt arbeidsmiljø?
Hos oss på Operasjonseininga ved Stord sjukehus er reinhaldet avgjerande for trygg pasientbehandling. No ser vi etter ein engasjert og nøyaktig reinhaldar/assistent til eit 50 % vikariat. Her blir du ein del av eit team der du vil spela ei sentral rolle i å halde høge hygienestandardar og bidra til ein trygg kvardag for pasientar og kollegaer.
Er du praktisk anlagt, trivst med varierte oppgåver og ønskjer ein viktig jobb i sjukehuset? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Reinhald i avdelingen som mellom anna har 4 operasjonsstover
- Behandling/reingjering av instrument for sterilisering
- Rydding av varer
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Fagbrev i reinhald kan være en fordel, men er inga føresetnad for tilsetjing
- Erfaring frå liknande avdeling vil bli vektlagt
- Opplæring vil bli gitt i avdelingen. På sikt kan ein bli oppmoda om å ta fagbrev eller vidareutdanning i spesialreinhald eller sterilforsyningsteknikk
- God munnleg og skriftleg norskkunnskap
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er løysningorientert og effektiv i praktiske oppgåver.
- tar ansvar og kan jobba godt på eiga hand.
- er påliteleg og har høg arbeidskapasitet
- trivst med å jobbe i tverrfagleg team
- har gode hygieneprinsipp
Kvifor skal du velje oss?
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Du får medlemskap i pensjonsordninga vår med 2 % pensjonstrekk, samt yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gunvor Bye, Funksjonsleiar, 45454628, gunvor.bye@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 64
5416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4939332338
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 31.03.2025
Sluttdato: 31.10.2025
Søknadsfrist: 27.03.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Operasjonsenhet Stord sjukehus orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no. |
Webside | www.helse-fonna.no |
Bransje | Salg og service |
Yrke | Renholdere og renovasjon |
Sted | STORD (Adresse: Tysevegen 64 Postnr: 5416) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 31-03-2025 |
Søknadsfrist | 27-03-2025 |