Vi søker jurist til eittårig vikariat – Kanskje er du nyutdanna? Ønsker du innblikk i tilsyn og kontroll av stiftelsar? Sjå her!
IT Development(22 hours ago)
Job Description
Published 01-12-2024
Deadline: 15-12-2024
Vi søker jurist til eittårig vikariat
Lyst å jobbe med ein gjeng flinke juristar? Blir du inspirert av eit viktig samfunnsoppdrag og nasjonale oppgåver? Freistar det å jobbe med rettleiing? Då kan dette vere moglegheita for deg.
Vi har fleire på avdelinga som går ut i foreldrepermisjon, og no treng vi forsterkning på laget vårt. Difor lyser vi ut eitt års vikariat som jurist.
Norske stiftelsar forvaltar store verdiar. Jobben vår er å trygge stiftelsane gjennom tilsyn og kontroll, og vi bidrar til at stiftelsar kan vere ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på.
Sakene vi behandlar reiser spennande og kompliserte rettsspørsmål, på lovområde som ikkje så mange kjenner til. Regelverka er utfordrande, og du blir viktig i arbeidet med å utvikle praksis saman med flinke kollegaer. Hos Stiftelsestilsynet er vi flest juristar, men du får også jobbe med alt frå revisorar til samfunnsvitarar.
Dette vil du jobbe med
Gjennom vikariatet vil du hovudsakleg jobbe med å behandle søknadar frå stiftelsar. Ein viktig del av jobben er å rettleie brukarar og andre aktørar, til dømes på telefon eller skriftleg. Du blir med på å utvikle fagområdet saman med kollegaane dine, og vil delta i anna arbeid ved avdelinga ved behov og ut frå kompetansen du har.
Høyrest dette interessant ut? Ta kontakt med oss, så fortel vi gjerne meir om dei spennande arbeidsoppgåvene.
For å søke må du ha ein master i rettsvitskap. Du må gjere deg enkelt forstått både for kollegaer og stiftelsane du jobbar med, og for å løyse oppgåvene må du skrive godt.
Det er ein fordel om du har jobba med eller har forståelse for saksbehandling. Det er også ein fordel med erfaring frå kunde- eller brukardialog. Viss du ikkje har det lærer vi deg opp. Nyutdanna blir oppmoda om å søke.
Vi ser etter deg som løyser problema du møter på, som trivst med å jobbe sjølvstendig og som jobbar godt saman med andre. For å løyse oppgåvene i jobben bør du vere strukturert og tenke heilskapleg. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du rammer som sikrar deg ein god balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, og dessutan moglegheit for å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer også med. Det betyr mellom anna at du får ei av Norges beste pensjonsordningar.
Vi veit at mange ønsker seg ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimanfrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt legge til rette for. I Lotteri- og stiftelsestilsynet er vi ei god blanding av nytilsette og rutinerte, tilflyttarar og folk som kjem frå området. Det skaper god dynamikk, og ikkje minst bidrar det til at vi lærer mykje av kvarandre. Vi har kantineordning, gratis parkering i parkeringskjellar, treningsrom i bygget, og treningstimar for våre tilsette på treningssenter.
Verdt å merke seg
Lønn blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som rådgivar/seniorrådgivar stillingskode 1434/1364. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.
Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Kontaktinformasjon
Siw Heggedal Longvastøl, Avdelingsdirektør, 900 74 974, Siw.Heggedal.Longvastol@lottstift.no
Lena Wistrôm Vefring, Rådgjevar jurist, 40096309, lena.wistrom.vefring@lottstift.no
Arbeidsstad
Storehagen 1B
6800 FØRDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Lotteri- og stiftelsestilsynet
Referansenr.: 4883041595
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Kanskje er du nyutdanna? Ønsker du innblikk i tilsyn og kontroll av stiftelsar? Sjå her! orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord. På huset jobbar rundt 90 engasjerte kollegaer innan mange ulike fagfelt. Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange spreke folk på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med på topptur eller intervalltrening. Viss det ikkje er di greie, vil du kanskje heller hive deg med på quiz-laget vårt på Elvesus? Vi testar allmennkunnskapen kvar dag i vår faste quiz i kaffibaren kvar dag etter lunsj 😊 Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk! |
Webside | http://www.lottstift.no |
Bransje | IT |
Yrke | Utvikling |
Sted | FØRDE (Adresse: Storehagen 1B Postnr: 6800) |
Stillingstype | Vikariat Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 15-12-2024 |