Job Description

Published 17-03-2025
Deadline: 02-04-2025

Vi søker jurist med interesse for  pasient- og brukarrettar (rådgivar/seniorrådgivar) 

Vi søker ein samfunnsengasjert jurist med interesse for pasient- og brukarrettar. Det er fint om du og er nysgjerrig på nye løysingar og digitalisering. Stillinga er for tida plassert i Avdeling for tilsyns- og klagesaker i helse- og omsorgstenesta. Avdelinga har overordna ansvar for rettsklager og tvang og makt. Avdelinga har og ansvaret for behandling av enkeltsaker som gjeld helsepersonell og verksemder. 

Talet på klager på retten til helse- og omsorgstenester har auka dei siste åra. Dette utfordrar blant anna saksbehandlingskapasiteten hos statsforvaltarane. Det skal heller ikke vere ugrunna forskjellar mellom deler av landet når det gjeld lovfesta rettar eller bruk av tvang og makt. Vi skal i 2025 derfor auke innsatsen for god overordna fagleg styring og støtte til statsforvaltarane sitt arbeid med kontroll med tvang og makt, rettsklager og på tilsynsfeltet. Du vil få ei rolle som pådrivar i dette arbeidet i avdelinga og ut mot statsforvaltarane. 

Arbeidsoppgåver

  • bidra til å styrke og harmonisere behandling av klager som gjeld pasient- og brukerrettar hos statsforvaltarane
  • bidra til å styrke og harmonisere statsforvaltarane sitt kontrollarbeid med bruk av tvang i helse- og omsorgstenestene
  • bidra til å utvikle tilsynet i tråd med samfunnsutviklinga  
  • behandle klager som overordna myndigheit 
  • behandling av tilsynssaker og søknader

I tillegg for seniorrådgivar:

  • leie utviklingsoppgåver og prosessar
  • det kan òg bli aktuelt med andre oppgåver som avdelinga har ansvar for

Nødvendige kvalifikasjonskrav

  • master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen 
  • kjennskap til pasient- og brukerrettighetsloven og helse- og omsorgstjenesteloven 
  • kjennskap til, eller erfaring frå offentleg forvaltning
  • god kjennskap til forvaltningsrett
  • god skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk. Vi skriv både på bokmål og nynorsk.

Ønska kvalifikasjonar:

  • erfaring frå statsforvaltaren eller anna relevant verksemd
  • kjennskap til tilsyn og tilsynsarbeid
  • erfaring frå kvalitets- og pasientsikkerheitsarbeid
  • kjennskap til statsforvaltarane
  • gode analytiske ferdigheiter
  • interesse for digitaliseringsarbeid 

    For å vere kvalifisert til seniorrådgivar må du ha lang og relevant arbeidserfaring

      Personlege eigenskapar

      Vi trur du vi trivast og lykkast i denne stillinga dersom du:

      • er ansvarsbevisst, sjølvstendig og løysingsorientert 
      • har god struktur og framdrift i oppgaveløysinga
      • har god relasjons- og samarbeidsevne, på tvers av fagområde og profesjonar  
      • er fleksibel, hjelper til der det trengst og bidreg til eit godt arbeidsmiljø 
      • er nysgjerrig og interessert i å sette deg inn i nye fagområde  

      Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.

      Vi tilbyr

      Lønn for rådgivar: 580 000 – 680 000 / seniorrådgivar kr 650 000 – 900 000. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. 

      Vi er om lag 130 medarbeidarar og har kontorlokale sentralt i Oslo. Vi har kantine, sykkelgarasje og eige trimrom. Statens helsetilsyn har fleksibel arbeidstid (jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten), sommartid og vintertid, og du har høve til å trene inntil ein time per veke i arbeidstida. Medarbeidarar som har eigna oppgåver kan få høve til å arbeide heimanfrå inntil 2 dager per veke.

      Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn.  Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

      Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Tilgang til vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort  sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista jf. offentleglova § 25.    

      Kontaktinformasjon

      Vigdis Malt Marøy , underdirektør,  47 90 60 22 52 , vmm@helsetilsynet.no
      Anne Myhr, Avdelingsdirektør, +47 21 52 99 33

      Arbeidssted

      Møllergata 24
      0179 OSLO

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgiver: Statens helsetilsyn

      Referansenr.: 4927264449
      Stillingsprosent: 100%
      Søknadsfrist: 02.04.2025

      DIVERSE INFO

      Arbeidsgiver Statens helsetilsyn orgnr: 974720817
      Kort om arbeidsgiver Statens helsetilsyn jobbar for at befolkninga skal ha gode og trygge helse-, sosial- og barneverntenester når dei treng det. Vi skal styrke tryggleiken og kvaliteten i tenestene, gjennom tilsyn, rådgiving og behandling av klager. Derfor er vi opptekne av at tilsynet endrar seg, i takt med utviklinga i samfunnet og i tenestene. Hos oss får du meiningsfulle oppgåver og dyktige og hyggelege kollegaer med bakgrunn frå helsefag, jus og samfunnsfag. 
      Webside http://www.helsetilsynet.no
      Bransje Kontor og økonomi
      Yrke Juridisk arbeid
      Sted OSLO (Adresse: Møllergata 24 Postnr: 0179)
      Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
      Sektor Offentlig
      Krav Unknown
      Tiltredelse Unknown
      Søknadsfrist 02-04-2025


      Kilde: NAV stillingsannonser
      https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/58f4cbe8-ed36-4f86-9366-985cae6e743e
      IMPORTAPI

      Generic filters
      Exact matches only
      PrevNext
      SuMoTuWeThFrSa
           12
      3456789
      10111213141516
      17181920212223
      24252627282930
      31