Vi søker engasjert og leiken barnehagelærer – Rauma kommune Åfarnes barnehage
Education Barnehagelærer(1 day ago)
Job Description
Published 07-01-2025
Deadline: 23-01-2025
Vi søker engasjert og leiken barnehagelærer
Vi ønskjer den beste kollegaen i verda til den viktigaste jobben i verda.
Stilling
100 %stilling, fast, som pedagogisk leiar. P.t. i Åfarnes barnehage.
Tiltreding snarast, etter avtale.
Ein av medarbeidarane våre går over i ny stilling internt og vi søkjer derfor etter ein ny barnehagelærar.
Arbeidsplassen
Våre kommunale barnehager består av Åfarnes barnehage, Leiktun friluftsbarnehage i Isfjorden, Myra barnehage på Åndalsnes samt Måndalen barnehage.
Åfarnes barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage, med barn i alderen 1 til 6 år. Barnehagen har 1-2 avdelingar. Det er eit utvida samarbeid mellom avdelingane. Barnehagen ligg tett ved Åfarnes skole, kort veg til fotballbane, løpebane og gapahuk. Uteområdet er variert, med ulike leikeapparat og med naturleg kuppert terreng. Barnehagen har skogen som næraste nabo, og rik tilgang på allsidige turmål både i skog og fjøre. Barnehagen har vore i drift sidan 1992. Barnegruppa er fordelt på heiltids- og deltidsplassar.
Vårt motto er Vi ønskjer å få fram det beste i oss alle https://historier.rauma.kommune.no/afarnes-barnehage
Vi ser etter ein pedagogisk leiar som har evne til å inspirere og motivere sine medarbeidarar og kan være pådrivar i utviklingsarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiar er ein del av ledergruppa i barnehagen – leie og organisere arbeidet på avdeling, sjøvstendig og/eller i samarbeid med dei andre pedagogene
- Bidra i dagleg drift, fagleg ansvar og utvikling av barnehagen som ein profesjonell organisasjon med eit systematisk og målretta arbeid for eit trygt og godt barnehagemiljø for leik, læring, humor og glede
- Utfordre og støtte medarbeidarane til det beste for barnas utvikling og læring
- Ansvar for samarbeid med foresatte og eksterne
Andre oppgåver kan vere aktuelle.
Kvalifikasjonar
- Krav om godkjent barnehagelærarutdanning
- Krav om gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Strukturert og fleksibel
- Tenker heilheitleg
- Motiverande og inspirerande
- Gode samarbeidsevne
- Opptatt av relasjoner og tillit
- Innovativ og kreativ
- Bidra med humor og glede i kvardagen
Vi tilbyr
- Oversiktleg nærmiljøbarnehage med god fagleg kompetanse
- Stabilt personale og godt arbeidsmiljø
- Deltagelse i Regional kompetansearbeid
- Offentleg tenestepensjonsordning
Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter Hovedtariffavtalen.
Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jf. mf. Barnehageloven § 30, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
Søknad
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning – Rauma kommune eller personal@rauma.kommune.no.
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.
Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO