Job Description

Published 03-04-2025
Deadline: 27-05-2025

Vi ser etter ein leiar som kan inspirere, motivere og leie med kunnskap og empati. Er du klar for å ta utfordringa?

Helse- og omsorgsetaten i Askvoll kommune søkjer etter avdelingsleiar til heimetensta i Askvoll kommune. Dette er ei 100% fast stilling frå snarast.

Stillinga er delt mellom administrativt arbeid på dagtid og 20% sjuke-/vernepleiefagleg arbeid i turnus. Stillinga vert løna etter 35,5 t/veke og vil ha arbeid kvar 3. helg. 

Vi søkjer etter deg som ynskjer å vere med å utvikle gode tenester i eit hektisk miljø.

Heimetenesta har ansvar for tenester til heimebuande personar som personleg og praktisk bistand, helse hjelp

Som avdelingsleiar vil du jobbe tett med einingsleiar for tenesta. Vi er i ferd med å starte arbeidet med å sjå på andre måtar å organisere tenesta på og du vil vere ein naturleg bidragsytar og pådrivar i dette arbeidet.

  

Arbeidsoppgåver:

Saman med einingsleiar vil du ha:

  • Ansvar for dagleg drift
  • Personal-, økonomi- og fagansvar i samsvar med oppsette mål og rammer
  • Samhandling med tenestemottakarar og deira pårørande
  • Samarbeid og samhandling med andre internt og eksternt
  • Vidareutvikling av tenestene
  • Årsturnus
  • Internkontroll

 

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Vidareutdanning innan leiing og administrasjon, eller vere villig til å ta slik utdanning
  • Leiarerfaring er ynskjeleg
  • Gode datakunnskapar og evne til å sette seg inn i og bruke nye system
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Er tydeleg og har evne til å leie andre
  • Har god kommunikasjons- og samhandlingsevne
  • Har ei løysningsorientert innstilling
  • Godt humør og positiv innstilling

Vi tilbyr: 

  • Sjølvstendig stilling med høve til å delta i utviklingsarbeid
  • Interessante og varierte arbeidsoppgåver, høve til personleg utvikling
  • Eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
  • God forsikrings- og pensjonsordning (KLP)
  • Løn etter avtale
  • Flyttegodtgjersle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune

Askvoll kommune vil vere hjelpsame med å skaffe bustad

Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing

Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Askvoll kommune Helse og omsorg orgnr:
Kort om arbeidsgiver Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.
Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Ledelse, administrasjon og rådgivning
Sted ASKVOLL (Adresse: Askvollheimen Postnr: 6980)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 27-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/beae826e-d90d-43fd-91e3-32a0b574907b
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31