Vi ønsker oss fleire ferievikarar til sommaren 2025 – Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os

(4 måneder ago)

  • OS
  •  Post Date: 22. January 2025
  •  Expire date: 31. May 2025
Job Description

Published 22-01-2025
Deadline: 31-05-2025

Vi ønsker oss fleire ferievikarar til sommaren 2025

Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss! Vi ønsker ein fleksibel og løysningsorientert medarbeider og håpar at du vil vera med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling. 

Vi treng ferievikarer som kan jobbe på dag, kveld, natt og helg. Vi vil prioritere dei som kan jobbe 4 veker samanhengane-frå veke 26-33.

Arbeidsstad
Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidere. Vårt mål er at alle brukere skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Arbeidet er lagt opp etter lov om rett til helsehjelp.

Arbeidsoppgåver

  • Utøva pleie og omsorg som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
  • Arbeide i brukers heim der vedkommande ønsker å bu lengst mulig – du er viktig for at dette ønske kan realiserast
  • Dokumentera helsehjelp i Profil
  • Samarbeide med alle arbeidsgrupper i ulike avdelingar, hjelpe til på tvers av grupper
  • Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester.
  • Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert, tar ansvar for å gjennomføre opplæringskurs som er pålagde
  • Studentar får opplæring i prosedyrer etter delegasjon

Kvalifikasjonar

  • Førarkort kl. B.
  • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått ” Bergenstest” (test i norsk – på høgare nivå.)
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør
  • Evne til å møte andre på ein respektfull måte
  • Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
  • Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Erfaringa du får med å jobbe i heimesjukepleien vil du alltid ha nytte av uansett kva yrke du velger.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os orgnr: 974544989
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted OS (Adresse: Holen 1 Postnr: 5200)
Stillingstype Feriejobb Heltid Antall stillinger: 10
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 31-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/16f55db7-1832-48ef-91a7-8bae09eb88e3
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31