Vi du bli vår nye – Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Sales, retail and retail trade Personal service

(3 weeks ago)

  • OS
  •  Post Date: 15. October 2024
  •  Expire date: 11. November 2024
Job Description

Published 15-10-2024
Deadline: 11-11-2024

 

Vi du bli vår nye

Tilrettelagte tenester, arbeidsstad for tida Søfteland bufellesskap, har frå snarast ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar. Stillinga er på dagtid og ein må pårekna at 20-30% av stillinga er i miljøet.

Tilrettelagte tenester i Kommune gjev tenester til born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, 2 dagsenter og avlastning for born og unge. 

Søfteland bufellesskap er eit nytt bufellesskap i Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune som opna hausten 2024. Bufellesskap ligg flott plassert i etablert bustadområde på Søfteland, ca.10 min frå Os sentrum, og gir tenester til 6 unge vaksne tenestemottakarar med ulikt bistandsbehov. Avdelinga er etablert og drifta er godt i gong med ein dedikert og fagleg sterk personalgruppe. Hos oss vil du leia eit team som kvar dag ynskjer å gjera ein forskjell for dei som bur i bufellesskapet

VI treng DEG som brenn for kvalitet i tenesta og som ser meininga i å skapa ein god heim og ein god kvardag for tenestemottakarane. 
Vi treng DEG som ynskjer å være ein viktig kulturberar og rollemodell, og som bidreg til at dine medarbeidarar trivs og utviklar seg i jobben. 
Du som avdelingsleiar vil ha ei viktig rolle i å etablere og vidareutvikla avdelinga.

Stillinga si næraste organisatoriske plassering, er einingsleiar.

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig helse, sosialfagleg eller pedagogisk bachelor utdanning, fortrinnsvis vernepleiar eller sjukepleiar

Andre kvalifikasjonar som er ønskjeleg, men ikkje eit krav, er::

  • Vidareutdanning i leiing samt leiarerfaring er ynskjeleg
  • Brei erfaring i arbeid med brukargruppa og erfaring frå psykisk helsearbeid
  • Kompetanse knytt til drift av bufellesskap 

Personlege eigenskapar vert vektlagt

 Funksjon / ansvarsområde:

Avdelingsleiar skal, saman med einingsleiar, vere med å utvikle tenesta, bidra til felles kulturbygging og legge til rette for god intern organisering. Avdelingsleiar er ein del av leiarteamet som skal drive internt innovasjons- og  organisasjonsutviklingsarbeid for å sikre likeverdige, gode og berekraftige tenester. Faglege og personlege eigenskapar er viktige for å lukkast.

Du må være god på å sjå ting i eit større perspektiv, og har forståing for at di rolle har innverknad ut over eiga avdeling og saman med leiargruppa har avdelingsleiar ansvar for  effektiv og forsvarleg drift.

 Arbeidsoppgåver

  • Drifte avdelinga i henhold til Bjørnafjorden kommune sine verdiar og målsetjingar
  • Sørge for ansvarleg drift innafor gitt budsjett
  • Turnusarbeid
  • Sørge for at det vert gjeve tenester som er fagleg og etisk forsvarleg
  • Ansvar for dagleg drift
  • Personalansvar
  • Samarbeid med ulike samarbeidspartnarar
  • Sørge for forsvarleg dokumentasjon i hehhold til retningslinjer
  • Oppfølging av HMS arbeid
  • Andre praktiske oppgåver
  • Miljøarbeid på avdelinga i omlag 20-30% – ulikt behov vert tilpassa etter drift/brukarbehov

 Eigenskapar:

Vi søkjer ein dyktig leiar som:

  • Har eit stort engasjement for brukargruppa og som aktivt bidrar til å utvikle tenestetilbodet i tråd med gjeldande lovverk, eininga og kommunen sin visjon/misjon og verdisyn
  • Har gode gjennomføringsevner og leverer resultat i samsvar med styringsdokument, mål, handlingsplanar og satsingar
  • Har svært god evne til å planlegge, ha oversikt, organisere, koordinere og delegere oppgåver.
  • Er brukar- og serviceorientert med ei konstruktiv kommunikasjonsform
  • Skaper gode relasjonar internt og eksternt og har evne til samarbeid
  • Inspirerer andre og bidrar til arbeidsglede
  • Tar ansvar for god balanse og har eit reflektert forhold til kva som gir deg energi og overskot. 

Utanlands utdanning må vere godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Vi tilbyr:

  • Faglege og personlege utfordringar i eit tverrfagleg og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode høve til å vere med å påverke og utforme ei viktig og spannande teneste
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
  • Støtte og fellesskap i eininga sitt leiargruppe
  • En arbeidsplass som er en inkluderande arbeidslivs (IA) bedrift

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.   

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester orgnr: 973958100
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Salg og service
Yrke Personlig tjenesteyting
Sted OS (Adresse: Rådhuset, Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 11-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/b50d5a2b-1b08-407d-a5ce-1b7266db056e
IMPORTAPI