Job Description
Published 26-11-2024
Deadline: 16-03-2025
Vestnes legesenter
Vestnes Legesenter søkjer etter ferievikarar for perioden 16.06.25 – 24.08.25. Ferievikariatet har arbeidstid på dagtid.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet på legesenteret er organisert med rotasjon på 4 arbeidsstasjonar: laboratorium, skiftestue, resepsjon og arkiv. Søkjaren må vere i stand til å arbeide på alle 4 stasjonar.
Laboratorium: prøvetaking, diverse analyser samt klargjering av prøver til sending. Ta EKG, spirometri og 24 timars blodtrykk.
Skiftestue: bistå legane i pasientbehandling og gjennomføre behandling ordinert av lege som f.eks. sårbehandling, medikamentinjeksjonar m.m.
Resepsjon: betjene sentralbord, ta imot pasientar samt handtere oppgåver som desse henvendelsane genererer.
Arkiv: svare på telefonar og utføre oppgåver i samband med dette, arkivere dokument, sortering av post samt anna førefallande kontorarbeid.
Det er tilsett bioingeniør ved legesenteret.
Kvalifikasjonar
Du må ha fagbrev som helsesekretær, evt. kan sjukepleiarar/sjukepleiarstudentar eller bioingeniørstudentar søkje.
– erfaring frå arbeid ved legekontor
– beherske norsk muntlig og skriftlig. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– datakunnskap
– ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
– du må være faglig engasjert
– ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
– det vert vektlagt at ein er personleg eigna
– ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i et hektisk miljø
Vi tilbyr
– godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
– løn i høve gjeldande avtaleverk
– kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Som søkjar må du setje opp ønskja arbeidsplass etter prioritet. Du må presisere kva ferieperiode du ønskjer å arbeide . Det er ein fordel at søkjarane kan arbeide heile ferieperioden og heiltid.
Om du har søkt eller skal søkje ferievikariat i andre einingar i kommunen er det ønskeleg at dette opplysast i prioritert rekkefølge.
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi
stiller og registrer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål
må derfor leverast.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjer kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli
ført opp på søkjarliste.
Vi ønskjer deg velkommen til å søkje
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO