Vernepleier/sjukepleier/miljøterapeut – Ål kommune Miljøterapitenesta

Health and social care Nurse

(3 days ago)

  • ÅL
  •  Post Date: 2. January 2025
  •  Expire date: 26. January 2025
Job Description

Published 02-01-2025
Deadline: 26-01-2025

 

Vernepleier/sjukepleier/miljøterapeut

Me søkjer deg som likar å jobbe med mennesker, som er dyktig til å byggje relasjonar og som spreier livsglede til folka omkring deg. Du ynskjer å vere ein aktiv bidragsytar til kunnskapsbasert praksis og utvikle eigen arbeidsplass.

Miljøterapitenesta gir tilrettelagte heimetenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Dette inkluderer heildøgns tenester, avlastningstiltak, dagtilbod, praktisk bistand og opplæring samt pårørandestøtte.

Me har ledig faste stillingar som vernepleier/sjukepleier/miljøterapeut i begge avdelingane.

Avdeling 1

  • inntil 100% i turnus med kvar 3.helg
  • helgestilling på 14-20% kvar 3.helg.

Avdeling 2

  • inntil 100% i turnus med kvar 3.helg
  • helgestilling på 14-20% kvar 3.helg.

Arbeidsoppgåver er mellom anna:

  • å gje heilskapleg og individuell helse og omsorgstjenester til brukere i  alder 0-90 år
  • tverrfagleg samarbeid, samt tett og godt samarbeid mellom bruker og pårørende
  • å sikre og ivareta god brukermedvirknad
  • målrette miljøarbeid med fokus på brukar sine ressursar, meistring og opplæring
  • følgje med på og delta på dei ulike aktivitetane brukar er med på
  • praktiske og administrative oppgåver tilknytt brukarane
  • oppfølging av helse -og omsorgstjenestelova kap. 9
  • bidra til å skape godt fagmiiljø ved å dele fagleg kunnskap, og både gje og ta i mot rettleiing
  • legemiddelhandtering

Me søkjer deg som:

  • har norsk autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar. Andre med 3-årig relevant høgskoleutdanning kan også bli vurdert
  • har førarkort klasse B
  • har gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg (minimum B2-nivå)
  • har kunnskap/erfaring om utviklingshemming
  • har kunnskap og/eller erfaring om målrettet miljøarbeid
  • har erfaring med utfordrende atferd
  • er initiativrik og som bidrar til utvikling
  • er bevisst på dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, likar å jobbe i team så vel som sjølvstendig
  • kan vere i fysisk aktivitet

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Me tilbyr:

  • fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • todelt turnus, dag/kveld og arbeid kvar 3.helg. Vaktlengder alt frå 8 til 14 timartilling i turnus (forhandlingsturnus) og dagarbeidstilling
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • internundervisning og faglig påfyll
  • rabattert pris på treningssenter

  Lønsvilkår

  • Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
  • Pensjonsordning i KLP.
  • Rekruttere og behaldetilleg.

 Søknad og politiattest

  • Vitnemål og attester legg du inn saman med søknaden. Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følger offentleglova § 25ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

 Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ål kommune Miljøterapitenesta orgnr: 989110357
Kort om arbeidsgiver Me i miljøterapitenesta tilbyr tilrettelagte heimetenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Dette inkluderer heildøgns tenestar, avlastningstiltak, dagtilbod, praktisk bistand og opplæring samt pårørandestøtte. Hovudmålet for Miljøterapitenesta er å ivareta brukaren sitt behov for tryggleik, verdigheit, meistring og sosial liv ut frå den einskilde sine føresetnader. Miljøterapitenesta består av 2 avdelingar med kvar sin leiar. Basen ligger sentralt i Ål med gangavstand til sentrum.

Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. . Bu og levekostnadene er rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengar på å realisere draumane dine. Ål kommune er kåra som ein av dei beste kulturkommunane i Noreg. Kulturhuset tilbyr spennande og variert program for heile Hallingdal

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted ÅL (Adresse: Prestegardsjordet 24 Postnr: 3570)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d6795f0f-712b-49b3-b4c1-9afd93607bd6
IMPORTAPI