Vernepleiar/ sjukepleiar – Langtids døgn rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Health and social care Vernepleier(20 hours ago)
Job Description
Published 11-12-2024
Deadline: 29-12-2024
Vernepleiar/ sjukepleiar
Har du lyst å prøve deg i ein kjekk og utfordrande jobb innan rusfeltet i spesialisthelsetenesta? Vi har den perfekte jobben til deg!
Vi har dyktige og erfarne medarbeidarar på sengeposten vår, men vi har behov for fleire gode kollegaer. Vi søkjer deg som trives med å jobbe på natt, arbeidar godt sjølvstendig, er positiv og vektlegg god kommunikasjon med pasientane. Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og spennande team med høg fagleg kompetanse.
Seksjonen vår er ein døgnseksjon i Avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling i Helse Møre og Romsdal. Avdelinga består av ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette som gir tilbod til pasientar med avhengigheit til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole steroider og spel. Vi gir også tilbod til pårørande.
Pasientgruppa består av pasientar som har utfordringar med legale og illegale rusmiddel, ofte med tilleggslidingar som utfordringar med psykisk helse, vanskar med følelsesregulering og traumelidningar. Vi har 15 sengeplassar. Fagmiljøet ved seksjonen er tverrfagleg sammensett og inkluderer legar, psykologar og 3-årig helse- og sosialfaglege medarbeidarar, mange med vidareutdanning.
Seksjonen har det siste året implementert traumebehandling (narrativ eksponeringsterapi) og DBT (dialaktisk atferdsterapi) i rusbehandlingsforløpet. Vi har eit pågåande doktorgradsløp på dette. Seksjonen tilbyr ei heilskapleg behandling innanfor TSB der vi ser og ivaretar heile pasienten. Det er stort fokus på familie og nettverksarbeid. Behandlinga ved seksjonen innbefattar gruppeterapi, miljøterapi, treningsterapi og individualterapi. Vi er opptatt av å samarbeide med kommunane og andre samarbeidspartnere for å få til eit best mogleg behandlingsforløp for pasientane.
Nattevaktene er organisert i eit team med to tilsette på vakt, ei kvilande og ei aktiv. Teamet skal arbeide ved døgnseksjonen på natt, og er organisert med at den aktive vakta er vaktansvarleg. Stillinga inngår f.t. i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefaglege oppgåver/ medikamenthandtering
- Vaktansvarleg
- Å vere tilstades og følge opp pasientar på natt
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie eller vernepleie
- Erfaring frå og interesse for rusbehandling eller psykisk helsearbeid
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- God skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Du er trygg, ansvarsbevisst og positiv
- Du jobbar sjølvstendig
- Du må ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Ved tilsetjing vil ein leggje vekt på gode eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientane
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg miljø av dyktige og erfarne medarbeidarar
- Internundervisning, rettleiing, eigne fagdagar og personalseminar
- Aktivt arbeid for å ivareta eit godt arbeidsmiljø
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling.
Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har
fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar
seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde ogRomsdalen her
Kontaktinformasjon
Ann Kristin Lillebostad Hovden, Seksjonsleiar, ann.kristin.lillebostad.hovden@helse-mr.no
Øyvind Dahl Indbjør, Teamkoordinator, Oyvind.Dahl.Indbjor@helse-mr.no
Arbeidssted
Glomstuvegen 50
6411 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4884035713
Stillingsprosent: 72%
Vikariat
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 29.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Langtids døgn rusbehandling TSB Molde, Helse Møre og Romsdal HF orgnr: 974577194 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
|
Webside | http://www.helse-mr.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Vernepleier |
Sted | MOLDE (Adresse: Glomstuvegen 50 Postnr: 6411) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 29-12-2024 |