Vernepleiar/sjukepleiar – Bu- og habiliteringsavdelinga

Health and social care Vernepleier

(2 weeks ago)

  • FOSNAVÅG
  •  Post Date: 9. December 2024
  •  Expire date: 2. January 2025
Job Description

Published 09-12-2024
Deadline: 02-01-2025

 

Vernepleiar/sjukepleiar

I bu- og habiliteringsavdelinga har vi ledig ei fast, 75 prosents stilling som vernepleiar/sjukepleiar. Det kan vere mogleg å auke til 100 prosent på sikt. Stillinga høyrer for tida til seksjon lunde, ein av tre seksjonar i avdelinga. Dei to andre er seksjon gneis og seksjon båre.

Stillinga er hovudsakleg knytt til personar med utviklingshemming og andre med funksjonsnedsettingar. Vi nyttar vanlegvis 1:1-bemanning. Arbeidet er organisert i todelt turnus med ei arbeidsveke på 35,5 timar og arbeid fire helgar over ein periode på tolv veker. Vi har både ordinære og lange vakter i turnusen. Det kan bidra til fleksible friperiodar.

Som vernepleiar/sjukepleiar i seksjon lunde vil du spele ei sentral rolle i å etablere rutinar og prosedyrar i samarbeid med andre miljøterapeutar. Målet er saman å skape struktur, rammer, tillit og tryggleik gjennom målretta miljøarbeid.

For å møte kommunen sine framtidige behov, kan kompetansen din også bli brukt på andre område innan helse- og omsorgstenestene.

Vi søkjer deg som ønskjer faglege utfordringar og kan jobbe sjølvstendig i ein travel kvardag. Du vil få dyktige kollegaer som arbeider målretta med fokus på individuell pleie og omsorg av høg kvalitet og med refleksjon. Du finn små og store tiltak som skaper meistring.

Arbeidsoppgåver

  • bistand og rettleiing knytt til helsehjelp, daglege gjeremål og fritid, etter brukarane sine behov
  • verdibaserte oppgåver, sjølvbestemming, utvikling og meistring
  • praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå leiar
  • fagleg hovedansvar for legemiddelhandtering
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk i journalsystemet Gerica
  • bistand i ADL-trening (trening på aktivitetar i dagleglivet)
  • ansvar for å utarbeide og følge opp miljøterapeutiske tiltak
  • rettleie og samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartar
  • rettleie og samarbeide med medarbeidarar
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

  • bachelor innan helse- og sosialfag, fortrinnsvis vernepleie eller sjukepleie
  • andre søkjarar med særskilt erfaring frå liknande arbeid og med bachelorutdanning innan helse og sosialfag kan bli vurderte (arbeidsoppgåvene vert då tilpassa di kompetanse)
  • relevant erfaring frå arbeid med barn og unge som har utfordringar
  • gode datakunnskapar
  • kjennskap og erfaring kring Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9, gjeldande tvang og makt
  • førarkort klasse B
  • gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk

Vi har nynorsk som administrasjonsmål.

Vi ber om at du laster opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden.

Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, kreativ og har genuin interesse for brukargruppa.
  • Du er trygg på deg sjølv og er god på relasjonsbygging.
  • Du samarbeider godt med kollegaer og trivst godt med å jobbe i team.
  • Du er fleksibel og løysingsorientert, med høg gjennomføringsevne.
  • Du kan jobbe målretta, er lojal mot opplegg rundt brukar og kan omsette teori til praksis i det daglege.
  • Du handterer stress og utfordrande situasjonar.
  • Du likar ein aktiv arbeidskvardag med moglegheit for bevegelse både inne og ute.

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Stabilitet og personlege eigenskapar vil verte vektlagde saman med utdanning og praksis. Referansar vert nytta.

Vi tilbyr

  • utfordrande, varierte og interessante arbeidsoppgåver saman med gode kollegaer
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • IA-bedrift
  • god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
  • moglegheit for komprimert turnus
  • fagleg utvikling, fagdag i turnus
  • tverrfaglige yrkesgrupper med vernepleiar, sosionom og fagarbeidarar
  • elektroniske kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
  • stipendordning ved vidareutdanning i tråd med kompetanseplanen til helse- og omsorg

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av  gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Hildegunn Svastuen, Seksjonsleiar, +47 90684321

Arbeidsstad

Kvithaugsmyra 4
6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 4891978233
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bu- og habiliteringsavdelinga orgnr: 993525510
Kort om arbeidsgiver

Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv times reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har 9000 innbyggjarar og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy og har lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske.

 «Ei båtlengd føre» er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!

Webside www.heroy.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Vernepleier
Sted FOSNAVÅG (Adresse: Kvithaugsmyra 4 Postnr: 6092)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/108784eb-bfd1-4364-bc45-3b3247c63c96
IMPORTAPI