Job Description

Published 05-09-2024
Deadline: 23-09-2024

 

Vernepleiar/sjukepleiar – 100 % fast

Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Kuhnletunet bufellesskap rekke 2, har ledig 100% stilling for vernepleiar / sjukepleiar.

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, 2 dagsenter og tilbod på avlastning både i heim og i avlastningssenter.

Kuhnletunet Rekke 2 ligg nokre minutt i frå Os sentrum. Bufellesskapet gjev i hovudsak tenester til tenestmottakarar over 18 år og har 5 bebuarar med varierande bistandsbehov.

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god
livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. “Kva er viktig for deg”, skal spegla seg i ord og handlingar og stå
sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand
vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.

Stillinga er i turnus, med arbeid kvar 4. helg. Det er langvakter på helg.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har autorisasjon som vernepleiar/sjukepleiar. Det er fortrinnsvis ønskjeleg med erfaring i frå målretta miljøarbeid med personar med nedsatt funksjonsevner, men erfaring i frå arbeid med autisme eller psykisk helsearbeid vil også kunne vere relevant. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.

Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Utanlands utdanning må vere godkjend av Direkotratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
– Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
– Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
– Løn etter gjeldande avtalar.
– Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester orgnr: 973958100
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Vernepleier
Sted Os (Adresse: Postnr: )
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 23-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/44a37927-8ea4-41a0-9548-d7f0d296c053
IMPORTAPI