Vernepleiar – Osterøy kommune

Helse og sosial Social educator

(1 week ago)

  • LONEVÅG
  •  Post Date: 1. April 2025
  •  Expire date: 1. May 2025
Job Description

Published 01-04-2025
Deadline: 01-05-2025

Vernepleiar

Om stillinga

Bu- og avlastingstenesta gjev tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemmingar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Vi gjev teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansette utfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov. 

Me har no ledig to faste 100% stillingar som vernepleiar på Solplassen bustad og Osterøy avlasting. 

Ved Solplassen bustad er det for tida ein arbeidsplan med hovedsakelig langvakter, nokre kortvakter og arbeid kvar 4. helg. Solplassen bustad gir tenester til 4 bebuarar med samansette behov. Me søkjer etter deg som liker å arbeide tett på menneske og som vil vere med å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar for våre tenestemottakarar. Det er også viktig at du er ein person som kan gje trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.

Ved Osterøy avlasting er det for tida ein arbeidsplan med hovudsakleg langvakter, nokre kortvakter og arbeid kvar 4. helg. Hovudmålet for avlastingstilbodet er å gje ein trygg og god stad for born/ungdom, og at dei føresette skal oppleve reell avlasting under opphaldet. Osterøy avlasting skal vere ein god lagspelar for den einskilde familie. Me søker deg som ønskjer ein spanande arbeidskvardag, med høgt fagleg fokus og evne til å vere fleksibel. 

Arbeidsoppgåver

  • Yte bistand i daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar 
  • Utarbeide og følgje opp planar og rutinar som skapar ein god struktur i kvardagen. 
  • Følgje opp vedtak etter Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. 
  • Som vernepleiar hos oss vil du og rettleie og følgje opp dine medarbeidarar
  • Legemiddelansvar
  • Legemiddelhandtering på tvers av bu- og avlastingstenesta
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
  • Sikre skriftleg dokumentasjon og journalføring i henhold til gjeldane lovar og reglar
  • Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
  • Primærkontaktansvar 

Me jobbar aktivt med å fremje eit godt arbeidsmiljø og forventar at du vil vere ein aktiv bidragsytar her og du skal kunne forvente det same frå dine kollegaer.

Vi tilbyr

Som vernepleiar på Solplassen bustad og Osterøy avlasting vil du få ei fagleg utfordrande stilling og du vil kunne skape gode erfaringar frå ein viktig jobb som gjer stor skilnad for tenestemottakarane. 

Du vil få eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø, der me deler av vår kunnskap og arbeider aktivt for å gje eit godt tilbod til bebuarane. Du vil også delta på tverrfagleg samarbeid med andre instansar. 

Me tilbyr 

  • Spennande utfordringar både fagleg og personleg. 
  • Høg etisk standard og fagleg nivå. 
  • Løn etter tariff og kompetanse.
  • Gode pensjons og forsikringsvillkår

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisert vernepleiar 
  • Sjukepleiar og ergoterapeut med erfaring frå brukargruppa kan også søkje 
  • Erfaring frå arbeid med menneske med komplekse diagnosebilete 
  • Kunnskap og erfaring med førebyggjande arbeid og handtering av utfordrande åtferd 
  • Du bør har god forståing og kunnskap om Helse- og omsorgstenestelova kap.9. og Pasient og brukarrettigheitslova kap.4.A 
  • Evne til å føreta faglege vurderingar, gjennomføring av desse og å utvise godt skjønn 
  • Gode kommunikasjonsferdigheitar og samarbeidsevner 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 
  • Førarkort kl.B 
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2- prøve i norsk 
  • Gyldig politiattest må framvisast før tiltreding 

Kven er du?

  • Du har ei grunnleggjande respekt for menneske og eit engasjement for brukargruppa 
  • Du er ein god lagspelar og bidrar aktivt til å ivareta eit godt arbeidsmiljø 
  • Du er trygg på deg sjølv og kan handtera uforutsette situasjonar med ro og tryggleik 
  • Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst 
  • Du er oppteken av målretta arbeid og likar å jobbe systematisk 
  • Du har ei løysingsorientert tilnærming til utfordringane i arbeidet
  • Du har ei høg etisk medvetande og evne til kritisk refleksjon 
  • Du er lojal mot felles beslutninger
  • Du har ei god skriftleg framstillingsevne og har gode datakunnskapar
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheitar og er lett å prate med
  • Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt i rekrutteringsprosessen.

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Vernepleier
Sted LONEVÅG (Adresse: Geitaryggen 8 Postnr: 5282)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1ea3cba0-10a2-4768-a2ae-dd67615e58a4
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/276290

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31