Vernepleiar og sjukepleiar ved PBU ungdomspost og Psykiatrisk klinikk – Helse Bergen
Uoppgitt/ ikke identifiserbare Ikke identifiserbare(17 hours ago)
Job Description
Published 17-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Vernepleiar og sjukepleiar ved PBU ungdomspost og Psykiatrisk klinikk
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.
Psykisk helse angår alle. Nesten halvparten av oss vil i løpet av livet oppleve lettare eller tyngre psykiske lidingar. Divisjon psykisk helsevern skal tilby utgreiing, behandling og rehabilitering til barn, unge og vaksne som blir tilvist til ein av våre sju klinikkar. Behandlingstilbodet vårt omfattar akuttbehandling, ambulante tenester, poliklinisk behandling, dagbehandling og døgnbaserte tenester.
Oppgi i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet og du finn meir info lenger nede i annonsa. For desse stillingane er det krav om norsk autorisasjon.
Klinikk Psykisk helsevern har ledig fast stilling ved:
Psykiatrisk klinikk har ledig faste stillingar ved:
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM1
* Avdeling Stemningslidingar, S1
* Tidleg psykose Sandviken, TPS
For å oppretthalde samansettinga av personalgruppa, oppfordras menn om å søke. Kandidatar kan fortløpande bli kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge, PBU Ungdomspost er ein 5 døgns utgreiings- og behandlingspost med kapasitet til 10 pasientar for ungdom mellom 13 og 18 år med ulike psykiske lidingar. Innlegging er primært basert på frivilligheit men posten er også godkjent for tvang. Oppgåvene våre er utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/utprøving av tiltak og behandling. Posten gir spesialisert helsetilbod til barn og unge med psykiske vanskar, og deira pårørande. Posten er tverrfagleg bemanna.
Vi søker erfaren, engasjert og fagleg dyktig sjukepleiar eller vernepleiar til 100% faste stillingar, pt 2-delt turnus og i snitt kvar 4. helg på Akuttposten. Du har evne til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientar. Du er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg handling. Som tilsett på Ungdomsposten blir fagdagar lagt fast i turnus x 2 pr. år med tema som er knytta til kva posten har behov for, rettleiing av ekstern rettleiar kvar 4 veke, 2 dagars grunnkurs i Map trening (møte med aggresjons-problematikk) og regelmessig Map trening ligg fast i turnus. For å få ein variert balanse i personal-gruppa oppfordrast menn til å søke. Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykiske lidingar. Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Kontakt: Astrid Bjorøy, Tlf. 55975844 eller Ingunn Prestegard, Tlf. 55976399
Psykiatrisk akuttmottak (PAM1) gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. PAM sin oppgåve er mottak, kartlegging og behandling av menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest. Vi søker etter sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, pt 2-delt turnus og kvar 3. helg
Kontakt: Pål Audun Hegland, Tlf. 55958510 eller Gunn Andersen, Tlf. 55958712
Kvalifikasjonar (overskrift)
Avdeling for Stemningslidingar (S1) tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
Seksjon S1 er ein lukka korttidsseksjon med 9 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi søker ein sjukepleiar og ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagleg utvikling i eit svært godt arbeidsmiljø. Vi søker etter sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, pt. 2-delt turnus og kvar 3 helg.
Kontakt S1: Marte Bjørgve, Tlf. 55958722
Tidleg psykose Sandviken (TPS) er ein lukka seksjon med 15 døgnplassar for nysjuke psykotiske pasientar mellom 15 og 30 år. Seksjonen er delt inn i to adskilte team der 7 plassar er reservert for pasientar med samtidig psykose og rusliding. Pasientane kan vere innlagd frivillig eller på tvang. Vi gjennomfører tverrfagleg utgreiing, stabilisering, rus- og psykosebehandling der mellom anna psykiater, psykologspesialist, sosionom, fysioterapeut, treningsterapeut, og miljøterapeut deltar. Vi er særleg opptatt av den fysiske helsa til pasientane og bruker fysisk aktivitet og trening som eit viktig element i behandlinga. Seksjonen har tilgang til gymsal, treningsrom og treningspoliklinikk. Det blir lagt vekt på behandling som i størst mogleg grad bygger på frivillegheit og brukarmedverknad, og minst mogleg bruk av tvang. Behandlinga er tilpassa kvar enkelt pasient, og vi sikrer oppfølging av anna instans etter utskriving. Vi søker sjukepleiar eller vernepleiar til 100% fast stilling, pt 2-delt turnus og kvar 3 helg
Kontakt: Cathrine Mjøs Kristiansen, Tlf. 55958827/ 40491598
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
- Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten og bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar eller vil få dette desember 2024/januar 2025
- Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel og personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
- Du må vere tolmodig, fleksibel og utholdande
- Må meiste norsk skriftleg og munnleg
Personelege eigenskapar
- Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad. Du må vere tolmodig, fleksibel og utholdende og ha evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
- Du evner å kommunisere og samarbeide godt med pasientar, pårørande og kollegaer og du trivst i eit til tider hektisk miljø, har godt humør og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson , oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4897939390
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Uoppgitt/ ikke identifiserbare |
Yrke | Ikke identifiserbare |
Sted | BERGEN (Adresse: Haukelandsveien 22 Postnr: 5021) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 5 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |