Vernepleiar – Luster kommune Grandmo miljøteneste

Health and social care Vernepleier

(4 days ago)

  • GAUPNE
  •  Post Date: 13. October 2024
  •  Expire date: 13. November 2024
Job Description

Published 13-10-2024
Deadline: 13-11-2024

 

Vernepleiar

Stillingsinformasjon

Tilsette på Grandmo yter tenester til mennesker med nedsett funksjonsevne.
Arbeid i turnus med langvakter og arbeid kvar fjerde helg.

Grandmo miljøteneste har følgjande ledige stillingar:

  • 100 % fast stilling som vernepleiar
  • 80 % fast stilling som vernepleiar 
  • 100 % vikariat som vernepleiar

Arbeidsoppgåver

  • Individuell oppfølging av tenestemottakar ut frå enkeltvedtak
  • Miljøterapeutiske oppgåver
  • Helsehjelp i heimen
  • Samarbeid med andre instansar og pårørande

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskeleg med vernepleiarutdanning
  • Andre med relevant utdanning og erfaring innan fagfeltet kan bli vurderte

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og me søker ein person som:

  • likar å samarbeide med andre i team, men som og kan arbeide sjølvstendig
  • kan skape ein god og trygg kvardag for brukar
  • likar utfordrande oppgåver legge til rette for aktive dagar med brukar
  • er påliteleg, fleksibel, positiv og trygg i arbeidsrolla

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
  • Tilsett må legge fram politiattest

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Luster kommune Grandmo miljøteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert – frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Vernepleier
Sted GAUPNE (Adresse: Øyagata 20A Postnr: 6868)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0ffb0fd1-d03e-478c-b435-42187d0fea40
IMPORTAPI